Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
12. september 2019

– Søsken av barn med spesielle behov står i skuggen

Siri Grundnes Brodahl (35) vaks opp med ei fem år yngre søster med autisme og djup psykisk utviklingshemming. Det har gitt henne dyrekjøpt, men også verdfull kunnskap om barn som pårørande. Denne kunnskapen vil ho dele av under årets Pårørendekonferanse i Sandnes.
– Søsken av barn med spesielle behov står i skuggen
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
I 2016 gav Brodahl ut boka «Gi meg et smil» som skildrar korleis det er og har vore å ha ei søster med spesielle behov. I boka skildrar ho mellom anna korleis det er å få heimen invadert av fagfolk og korleis det er å ikkje nå inn til søster si.


Dokumentarfilm

No har Brodahl også laga ein dokumentarfilm om same tema. Denne vil bli vist under konferansen.

– Håpet mitt er at filmen kan gi innsikt og auka kunnskap om søsken som pårørande, seier Siri Grundnes Brodahl som i dag arbeider ved SIHF Habiliteringstjenesten i Hedmark. Her rettleiar ho foreldre, søsken og personar som arbeider med barn som anten er fødde med, eller tidleg har fått ei nevrologisk funksjonsnedsetting.

Brodahl ønsker å gi fagfolk innsikt i dei ulike utfordringane søsken kan stri med. Kjenslene til søsken er ofte komplekse, dei kan ha ulike kjensler samtidig, forklarer ho.

Sjølv om barn som pårørande er løfta meir fram det siste tiåret, meiner Brodahl at dette først og fremst gjeld barn som må ta på seg ei slags vaksenrolle i høve til ein forelder som er sjuk.


Løftar fram søskenperspektivet

– Søsken av barn med spesielle behov har derimot gått litt under radaren. Dei kjem på sidelinja, fordi hjelpa først og fremst blir gitt til foreldre og barnet med spesielle behov, forklarar ho.

Til tross for dette strir mange søsken av barn som er annleis med mange vanskelege kjensler, som sjalusi, sinne og frykt.
 

Det er viktig å hugsa at det ikkje
er så lett for barna å vera opne
med foreldra. Ofte ønsker dei å
skåna dei vaksne fordi dei ser
at dei har så mykje å tenkja på.


– Fagpersonane er først og fremst opptekne av kva ein skal gjere for barnet som spesielle behov, men bør i langt større grad også trekkje inn søsken, og gi foreldra kunnskap om korleis desse kan oppleve situasjonen, påpeiker ho.

Hennar erfaring er at foreldre ho møter i jobben og under føredraga sine ofte får ei a-ha-oppleving når ho fortel korleis barna har det. Sjølv kan foreldra føla at dei gjer sitt beste for dei andre søskena også, og at dei gir nok informasjon. Men så kan dei andre barna altså føla at dei ikkje blir sett.


Barnet vil skåna foreldra

– Det er viktig å hugsa at det ikkje er så lett for barna å vera opne med foreldra. Ofte ønsker dei å skåna dei vaksne fordi dei ser at dei har så mykje å tenkja på, forklarer Siri Grundnes Brodahl.

Ho viser til at det at familien av og til må dela seg, også kan kjennast sårt for mange søsken, som drøymer om at alle kan vera i lag på aktivitetar.

Brodahl er glad at helsepersonellova no stadfestar at helsepersonell har plikt til å ta vare på søsken. For å gjera dette på ein god måte må fagfolk få kunnskap om kva kjensler og reaksjonar som er vanlege blant denne gruppa pårørande, slik at dei kan møta barna der dei er, seier ho.

Sjølv minnest ho kor befriande det var då ho endeleg tok mot til seg og fekk snakka ut med foreldra om korleis ho eigentleg hadde det i oppveksten. Å få prata gjorde godt og forholdet til foreldra og søstera er i dag det aller beste, forsikrar ho.

– Å bera på slike kjensler blir ein verkebyll som kan gjera barna svært urolege og slitne, avsluttar ho.


Ønsker du å delta på Pårørendekonferansen?

Pårørande kan delta til redusert pris. Les meir og meld deg på her.
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut