Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
15. august 2018

Godt å få bruka all mi tid på pårørande

Før Ingvil Aarrestad Godeset kom til Pårørendesenteret for fire år sidan, arbeidde ho i 15 år som behandlar i spesialisthelsetenesta, psykisk helsevern. Då kjende ho ofte at ho skulle hatt meir tid til dei pårørande.
Godt å få bruka all mi tid på pårørande
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Godeset som er psykiatrisk sjukepleiar arbeider som fagkonsulent ved Pårørendesenteret. I jobben har ho mange samtalar med pårørande i ulike livssituasjonar.

– Me er alle pårørande, også me her på senteret. Difor er det lurt å vera medviten på korleis eigne erfaringar pregar møta med dei me skal samtale med. Eigne erfaringar gjer meg audmjuk i møte med deira kjensler og reaksjonar, utdjupar ho. Sjølv miste eg mor mi brått for nokre år sidan. Det betyr likevel ikkje at eg kjenner alt ved det å miste ei mor, for andre kan ha andre reaksjonar. For sjølv om me menneske har mykje til felles, er det mange forskjellige måtar å gå gjennom ei krise på, minner ho om.


Unikt fellesskap

Ingvil Aarrestad Godeset stortrivst i jobben, og får energi og påfyll av den fantastiske gjengen ho jobbar saman med.

– Miksen her er god, blandinga av dei ulike profesjonane og personlegdomane stimulerer meg, dessutan er me gode til å debriefa og rettleia kvarandre i kvardagen. For det kan vera krevjande møte i samtaleromma, og i denne jobben kan ein ikkje vera redd for kjensler, påpeiker ho.

– For ein pårørande å få høyre at han eller ho må ta vare på seg sjølv, kan vere provoserande. Somme vil ikkje, og andre klarer kanskje ikkje. Det er viktig å vite i kva rekkefølge ein skal nærma seg dei ulike utfordringane til den pårørande, forklarer Ingvil.

Dei som kjem til Pårørendesenteret og er heilt utslitte, må sjølvsagt få råd om å tenkje på seg sjølv. Men dersom ein kjem for å få råd om korleis ein får hjelp frå helsevesenet til den sjuke, kan ein ikkje føreslå eigenpleie.

– Det ville vore respektlaust, seier Ingvil Aarrestad Godeset.

Likeeins kan det å spørja ein pårørande om korleis han eller ho har det, vera komplisert.


Korleis har eg det???

– Somme har ikkje lenger kontakt med eigne behov, fordi dei så lenge har sett den sjuke først, seier ho.

I samtalane med pårørande hjelper Godeset dei å få eit språk til kjenslene og eigne behov. Somme treng hjelp til å komma vidare i ein sorgprosess, andre treng hjelp til å komma i gong med å sørga, medan andre kanskje ikkje veit at dei er i sorg, forklarer fagkonsulenten.

– Me på Pårørendesenteret kan jo ikkje gjera pasienten frisk, men vårt mål er å gjera dei pårørande betre i stand til å stå i situasjonen som han er. Det gler meg å høyra pårørande seie at dei har det betre med seg sjølv etter å ha gått i samtale hjå oss. Dette kan dei seie sjølv om sjukdommen til pasienten er blitt verre. Dersom dei pårørande eller me har fokus på å fjerna årsaka til smerta, kan ein bli skuffa og utsliten, framheld ho.

På senteret møter ho pårørande i alle aldrar og i relasjon til menneske med mange ulike sjukdommar og funksjonsnedsettingar. Det er viktig for henne å skape ein trygg og god relasjon til dei ho samtaler med.
 

Å vera pårørande inneber ein helserisiko for eiga helse og ikkje alle pårørande er klar over at plager dei slit med ofte kan knytast til livssituasjonen deira.


Gi plass til noko nytt

– Spesielt når det gjeld barn er det viktig å forstå kva dei eigentleg er opptatt av eller bekymra for, slik at ein ikkje gjer situasjonen meir komplisert enn han er for dei. Mange pårørande slit med uro og skuldkjensle. Me trur på menneskets ibuande kraft til vekst og endring.  Me prøver å hjelpe dei på vegen med å finna ein meir hensiktsmessig måte å forhalde seg til situasjonen på. Me freistar å gje plass til nye tankar. Somme gonger synleggjer desse ei ny forståing av situasjonen.

– Har du ein ektefelle som er døyande, kan det vera nyttig og bli medviten om kva som er viktig for deg sjølv for å greia å stå i denne prosessen. Hjå oss kan du få hjelp til å prioritera mellom det som er viktig og mindre viktig for deg. Og ofte må den pårørande manøvrere mellom nye fyrlykter. Å vera pårørende handlar ofte om å akseptera, og skilja på kva ein kan gjera noko med og kva ein ikkje kan gjera noko med. I denne prosessen ser me ofte at dei pårørende gir plass til noko nytt, og får meir energi til å vera til stades i det som skjer, seier ho.

Pårørendesenteret driv også eit omfattande arbeid i å skulera fagfolk i deira møte med pårørande.

– Difor har me utvikla FuelBox og Pårørendeprogrammet som skal setja fagfolk betre i stand til å jobba med pårørande. Det er viktig for meg å synleggjera dei pårørande si rolle for pasienten, fagfolk, og inn i behandlinga av pasienten. Dei har også eigne behov som fagfolk er plikta til kartlegge og møta, understrekar ho. 


Meiningsfullt arbeid

– Å vera pårørande inneber ein helserisiko for eiga helse og ikkje alle pårørande er klar over at plager dei slit med ofte kan knytast til livssituasjonen deira. Men plagene kan bli mindre ved at ein får bearbeida vanskelege prosesser og kjensler, forklarer Ingvil.

Sjølv har ho lært mykje av dei pårørande.

– Somme gonger har eg erfart at tiltak eg ikkje trudde hadde nokon effekt i seg sjølve, har gitt auka kjensle av meistring og håp. Til dømes berre det å bli trudd og anerkjent i høve til eigne  opplevingar og erfaringar.

Ho fortel om meiningsfulle dagar på jobb.

– Her driv me førebyggande helsearbeid for pårørande av alle slag. Og det er ein tanke bak alt me gjer. Me er eit lågterskel-tilbod der brukarane får hjelp og rettleiing av tilsette med høg kompetanse. Sjølv ser eg føre meg å arbeide her i mange år til. Vona er at me på sikt kan bli endå fleire tilsette, for behovet for informasjon blant pårørande og fagfolk er aukande, avsluttar Ingvil Aarrestad Godeset.
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut