Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
29. januar 2024

Kakadu tilbyr gratis og lovlege bankoppskrifter for pårørande

Mange eldre kvir seg for å ta i bruk BankID-appen, etter å ha vore vande med å bruka BankID med kodebrikke. Ofte må då pårørande trø til. Selskapet Kakadu har laga enkle steg-for steg-oppskrifter for menneske med lite digital kompetanse, som gjer det enklare for pårørande å hjelpa utan å få ulovleg innsyn i den andre sin personlege BankID.
Kakadu tilbyr gratis og lovlege bankoppskrifter for pårørande
Foto: Jan Inge Haga
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

– Målet vårt er å laga ei trinn for trinn oppskrift som den eldre sjølv kan følgja, eventuelt med litt hjelp frå den pårørande på sidelinja, seier Ingvild Erøy, ein av gründerane av Kakadu.

BankID BankAxept bruker i dag tenesta Kakadu til å lage digitale oppskrifter som funkar for alle som tør, nesten uansett digitalt nivå. Første versjon av veilederne ligg på bankid.no og Kakadu.no, og blir brukte av både bankar og frivillige som lærer opp andre.

 

Eit populært verktøy

Rundt 800.000 bruker helst BankID med kodebrikke. Det er aldersgruppa over 60 år som bruker kodebrikka mest, ifølge ei landsrepresentativ undersøking utført av Kantar for BankID BankAxept. Over 40 prosent av kodebrikke-brukarane har ikkje høyrt om app, og dei som har høyrt om den, treng hjelp og gode argument for å bytte til app. Bankane hjelper mange, men Jan Bjerved, leiar for BankID håpar oppskriftene til Kakadu kan bli ein viktig ressurs også for andre som vil rettleia andre i BankID, ifølge ei pressemelding frå selskapet like før jul i fjor.

Hege Fiskå, den andre gründeren bak Kakadu, seier at behovet for rettleiing er stort, noko talas tale tydeleg viser. Oppskrifta på korleis ein får BankID på app, hadde heile 200 000 visningar på ein månad. No er det totale talet på visningar oppe i 400 000.

– For oss er det viktig å skapa ei bru mellom dei med lite digital kompetanse og den digitale verda, og då må me gjerne også gå via pårørande, eller andre hjelparar som er med og får personen inn på ulike digitale løysingar, som til dømes Bank ID, seier Ingvild Erøy.

Ifølge Fiskå har 14 prosent av nordmenn låg eller liten digital kompetanse. 3 prosent av befolkninga er heilt analoge.
 

Dette er verktøy som også er til nytte for pårørande når dei skal hjelpa sine gamle...

 

Ei støtte for pårørande

– Me ønsker å hjelpa dei som er motiverte, og som har smarttelefon eller pc og som treng hjelp for å fullføra oppgåver på nett. Anten ved å ta rolla til pårørande ved å setja den eldre personen i stand til å utføra oppgåva på eiga hand, eller ved å vera ein hjelpar både for den eldre og hans eller hennar pårørande. 

Kakadu har lagt ned mykje arbeid i å få veiledarane så enkle som råd.

Det kan vera komplekst å navigera mellom nettbanken, Helse Norge og Skatteetaten, erkjenner Hege Fiskå.

Målet er at Kakadu-rettleiarane skal vera til nytte både i heilt privat rettleiarsituasjonar, men også i regi av ulike offentlege digihjelp-opplegg, som til dømes Livsglede for eldre. 

– Me har lagt vinn på å laga ei sikkert rettleiingssystem, der ein kan sitja ein til ein med den eldre, hjelpa dei å opna pc-en og så la den gamle følga Kakadu-oppskrifta, som er gratis.

Fleire bankar har no teke denne BankID-oppskrifta i bruk, ifølge Ingvild Erøy.

 

Eit digitalt oppskrift-bibliotek

– Pårørande er ei viktig målgruppe for oss, dei er også gode rettleiarar når me skal utvikla nye digitale vegvisarar innafor mange ulike felt. Selskapet vårt har per i dag mellom anna oppskrifter på korleis ein får digital tilgang til aviser, underhaldning, velferd og helse. Dette er verktøy som også er til nytte for pårørande når dei skal hjelpa sine gamle med å spela av ein serie, for eksempel.

Med tenestene sine ønsker selskapet å setja folk i stand til å meistra sitt digitale liv, på ein måte som gjera at pårørande ikkje bryt regelverket, når dei hjelper dei med oppskriftene, fordi det er den gamle som skal utføra oppgåva sjølv.

 

FAKTA: 
Kakadu Ignite er eit norsk techselskap gründa i 2020, av duoen Hege Fiskå og Ingvild Erøy. Deira visjon er å redusera digitale klasseskilje og setja menneske i stand til å dra nytte av teknologi. Selskapet tel i dag fem tilsette og samarbeider mellom anna med BankID, Schibsted og Norsk Tipping.

Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut