Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
03. oktober 2018

Pårørendesenteret sin historie: Frå einmannsbedrift til nasjonal spydspiss

Under 20-års festen for Pårørendesenteret blei historia til jubilanten fortalt gjennom eit panel sett saman av brukarar, initiativtakar, styremedlemmer og dagleg leiar Unn Birkeland.
Pårørendesenteret sin historie:  Frå einmannsbedrift til nasjonal spydspiss
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
I 1998 opna Pårørendesenteret med ein medarbeidar, Marit Hølland Paulsen.


Kva er dette?

Senteret blei opna av dåverande sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa som hadde med seg ein direktør frå Helsedirektoratet som lurte fælt på kvifor ministeren tok seg tid til å dra og opna ei einmannsbedrift. Direktøren blei begeistra, han, og oppmoda Senteret om å søka prosjektpengar.

Marit Hølland Paulsen tok under 20-årsmarkeringa gjestene med på ei reise gjennom dei tidlegaste åra til Senteret og kunne aller først gledestrålande slå fast. Skeptikarane fekk ikkje rett, Senteret blei inga døgnfluge.

I eit år var Marit einaste tilsett. Ho skulle mellom anna vera terapeut, ta i mot pårørande og reisa rundt for å gjera Senteret kjent, og, ikkje minst, tigga pengar. Hennar viktigaste mål var å laga eit fagleg forsvarleg opplegg, få ein berekraftig økonomi og få ut informasjon om tilbodet. Sakte, men sikkert auka talet på tilsette som dei første åra var mynta på pårørande av menneske innan rus og psykiatri.

Økonomien til Pårørendesenteret har lenge vore ein berg-og dal-bane, noko tidlegare styremedlem og styreleiar Roar Norås ga ei inngåande beskriving av under sin bolk av historieforteljinga. Pårørendesenteret kjenner berre økonomien sin for eit år om gongen.
 

Økonomisk risikosport

Stavanger kommune har heile tida støtta Senteret, det same har Helse Stavanger og fleire nabokommunar. Kva som kjem frå staten kvart år, derimot, er eit lotteri. Å driva denne verksemda kunne samanliknast med risikosport. Ansvaret var tyngande. Kunne me auka talet på tilsette når det einaste me hadde var ei eittårig finansiering?

I 2014 fekk Pårørendesenteret takka vera iherdig innsats frå mellom andre Olaug V. Bollestad inn tre uventa millionar frå staten. 

I Norås sin periode i styret blei Senteret diagnoseuavhengig. På denne tida bala ein også på med å finna ut korleis ein skulle organisera Senteret for framtida. Og ikkje minst; kor digitale skulle ein bli?
 

Sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa hadde
med seg ein direktør frå Helsedirektoratet som
lurte fælt på kvifor ministeren tok seg tid til å dra
og opna ei einmannsbedrift.

 

Senteret går online

Hausten 2016 settla styret endeleg framtidsplanane og organiseringa.

Senteret skulle gå online og tilby Pårørendesenteret.no, Pårørendeprogrammet.no, Pårørendelinjen og vera Pårørendesenteret i Stavanger.

Styret bestemte at senteret skulle vera digitalt landsdekkande og slik samla og spreia god fagleg kunnskap.
Styreleiar Eli Nessa leia arbeidet med å få Pårørendesenteret online.

– Eg og tidlegare dagleg leiar Liv N. Kleppe drog til Stortinget hausten 2016 for å lansere våre planar om å gjere Senteret landsdekkande digitalt. Dei folkevalde hadde tru på oss, men heldigvis visste me ikkje kva me gav oss i kast med, for hadde me visst kor arbeidskrevjande det blei, hadde me kanskje ikkje starta, sa Nessa smilande.

Ho rosa alle dei som la ned ein stor innsats for å få tilbodet på beina. For Nessa er det viktig at alle pårørande får eit godt tilbod uavhengig av kvar dei bur i landet. Det syter nettsidene for.
 

Mange søker Senteret

Og ho hadde med tal som viser at Pårørendesenteret sine fysiske og nettbaserte tilbod framleis trengst.

Heile 54 kommunar har til nå teke kontakt med Pårørendesenteret for å få hjelp til å utforma ein pårørandestrategi, som det nyleg er lovfesta at alle kommunar skal ha.

Elles kunne ho opplysa at så langt i år har det komme 644 nye henvendingar til senteret. Ein har hatt 2062 pårørandekonsultasjonar frå heile landet. I løpet av 2018 har det komme 209 nye henvendingar frå tilsette og 251 oppfølgingar av tilsette.

Dagleg leiar Unn Birkeland avslutta historiebolken med å nemna alt ho var stolt over.

Her trekte ho mellom anna fram at ho var stolt over at Senteret har nådd mange av måla ein sette seg fram til jubileumsåret. Ho peika også på gleda over å ha flinke tilsette som heile tida er svoltne på meir kunnskap. At Pårørendesenteret no har fått ei nasjonale rekkevidde gjer også godt.
 

Nasjonalt kompetansesenter

– Me vil framover arbeida for at både Pårørendesenteret sitt fysiske og nettbaserte tilbod blir endå sterkare og når ut til fleire grupper, spesielt retta mot barn og ungdom. Men også mot endå fleire grupper av fagfolk. Ønsket mitt for Senteret er at me får status som eit landsdekkande kompetansemiljø for å styrke fagfolk ute i kommunane, helseføretak og andre organisasjonar til å bli trygge og opne i sine møte med pårørande, sa Unn Birkeland.
 

Eg fann raskt ut at me strevar med dei same
seinverknadane og treng å lære oss å meistre
kvardagane for å kunne stå oppreist.


Brukarane som deltok var ei kvinne som opplevde at mannen hennar blei fullt pleietrengande som 32-åring, to ektefeller til demente menn og to medlemmar frå ungdomsgruppa ved senteret.

Kvinna til den skada mannen fekk ikkje vita om Pårørendesenteret før i 2014. I starten var ho skeptisk fordi ho trudde at ho ikkje ville ha noko til felles med pårørande innan rus og psykiatri.
 

Takksame brukarar

– Men eg fann raskt ut at me strevar med dei same seinverknadane og treng å lære oss å meistre kvardagane for å kunne stå oppreiste, sa kvinna som er med i erfaringsformidlargruppa ved Pårørendesenteret.

I denne gruppa deler brukarane mellom anna erfaringar og kjem med råd til dei tilsette ved Senteret.

Ei ung jente fortalde kor takksam ho er for å ha komme i kontakt med Pårørendesenteret. Ho går fast i ei ungdomsgruppe.

– Her kan me snakka heilt ope med andre ungdommar, og det er teieplikt, så alt som blir sagt i gruppa, blir i gruppa. Her føler at eg kan vera meg sjølv. Problema mine med angst og depresjon er blitt mildare. Ved senteret har eg lært meg måtar å jobba med meg sjølv på, sa jenta.

Ho trekte også fram at gruppa er blitt ein viktig sosial arena for henne på grunn av alt det kjekke dei gjer saman.

Kvinnene med demente ektefellar kom i kontakt med senteret då dei blei med på eit meistringskurs. Seinare har dei vore med i ei rettleiargruppe.
 

Likesinna

Begge kjenner det svært godt å få snakka med likesinna i gruppa, fordi å leva med ein dement er noko som må erfarast for å skjøna kor krevjande det er.

Dei fortalde at ved senteret har dei lært mange nyttige teknikkar for å setje ord på kjensler og ikkje minst dei forbodne tankane.
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut