Det slår Kari Annette Os fast. Ho er avdelingsdirektør for Avdeling kvalitetsforbedring og pasientsikkerhet i Helsedirektoratet.
Os viser til at pårørande ofte kan bidra med ein ny innfallsvinkel, eit nytt blikk og utfyllande informasjon om ein pasient eller brukar. Pårørande står pasienten nær og kan vera med og trygga og ta vare på den som treng ulike former for helsetenester.
– På individnivå er pårørande spesielt viktige. Dei kan gi pasienten hjelp til å tolka, bistå, støtta, trygga og stilla dei viktige spørsmåla. Pårørande gir ofte helsepersonell betre høve til å forstå den som treng hjelp. Kunnskapen til pårørande bidreg til at helsepersonell lettare kan finna rett behandling og elles gjera det som er viktig for nett denne pasienten, påpeiker Kari Annette Os.
Pårørande er også ein sentral og viktig ressurs, der tenestene blir utvikla.
Korleis møter sjukehusa pasientar og pårørande? Korleis er samhandlinga i heimebaserte tenestar og i ulike bufellesskap? Dersom innspela til pårørande kjem tydeleg fram i prosessane med å sy saman tenester, er det lettare å skapa tenester som treff den enkelte brukar godt.
På det tredje nivået, systemnivået, er også brukar- og pårørandemedverknad heilt avgjerande, meiner Kari Annette Os.
– Det er viktig at pårørande si stemme også blir tydeleg i det politiske landskapet, blant politikarar i kommunestyra rundt i landet. Det er jo dei som legg føringar for korleis tenestene skal utformast. Pårørande kan bidra til at desse blir tryggast og sikrast mogleg for brukarar og pasientar, framheld Os.
Poenget er at dei som har skoa på i større grad må bli høyrde, ikkje berre for pasienten sin del, men også for sin eigen del, som pårørande, legg ho til.
Kari Annette Os seier at ein fleire stader er blitt flinke til å involvera pårørande og at ein lærer av kvarandre på tvers av tenestene.
– Kunnskapen pårørande har må brukast meir systematisk, då vil vi kunna få til eit endå betre helsetilbod, slår Os fast.
For pårørande og andre som vil lesa meir om pasienttryggleik kan gå inn på sida I trygge hender. Her kan ein lesa mykje om korleis det blir jobba med pasienttryggleik i Noreg.
Og her kan du lesa litt meir om kva WHO er oppteken av under årets internasjonale markering av dagen for pasienttryggleik.