Takka vera denne pionér-innsatsen blei søkelyset sett på ei gruppe menneske som for få tiår sidan nærast var usynlege i helsevesen og samfunnet ellers.
Ordførar-skryt
Styreleiar Eli Nessa og dagleg leiar Unn Birkeland kunne smilande ønske velkommen rundt 70 gjester som benka seg rundt vakkert pynta bord i kyrkjekjellaren.
Kjell Inge Torgersen var kveldens konferansier og band dei ulike innslaga saman musikalsk.
Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø var kveldens første talar.
– Me kan alle bli pårørande over natta og måtta passa på, vera ei støtte og ivareta ein annan sitt liv og interesser. Då er det godt å vita at det er råd og rettleiing å få hjå Pårørendesenteret, minna ordføraren om.
Helgø sa vidare at ho er stolt over å ha Pårørendesenteret sitt fagmiljø og kompetanse i byen og at stiftinga har ytt verdifullt påfyll til både fagfolk og pårørande.
Det Stavanger kommune og Universitetssjukehuset tilbyr dekker ikkje alt det Pårørendesenteret kan tilby.Ordføraren rosa også den nasjonale hjelpetelefonen og nettsidene som ivaretek alle aspekt ved det å vera pårørande.
Ei hand å halde i
– Eg er glad Stavanger kommune har eit tett samarbeid med Pårørendesenteret. Dette samarbeidet blei ekstra godt etter at kommunen fekk ein eigen pårørandekoordinator og nyetablerte Helsehuset, påpeikte Christine Sagen Helgø.
Neste gratulasjonstalar var Olaug V. Bollestad, nestleiar i Kristelig Folkeparti og leiar av Stortingets Helse- og omsorgskomité.
Bollestad minna i sin tale om at det er godt helsearbeid i det å ta vare på dei pårørande. I talen fortalde ho om eigen oppvekst med ei psykisk sjuk mor. Ei dame i nabolaget, Ingeborg, blei redninga for vesle Olaug.
– Ho såg meg og ikkje minst, ho trudde på kva eg fortalde om heimen min. Eg blei ikkje møtt med: Nei, så gale kan det då ikkje vera. Pårørendesenteret skal også vera ei slik Ingeborg. Dei skal vera ei hand for pårørande å halde i, sa ho.
Olaug V. Bollestad understreka at Pårørendesenteret kan redda liv. Senteret er ein stad pårørande kan oppleva å bli trudde og få tillit når familien ikkje kan visa omsorg. I tillegg gir Senteret menneske hjelp til å gå vidare i eigne liv.
Me kan alle bli pårørande over natta og måtta passa på,
vera ei støtte og ivareta ein annan sitt liv og interesser.
– Ordførar Kristine Sagen Helgø
Kompetanse og kaffi
Ho rosa senteret si evne til å både vera høgkompetent, men samstundes svært menneskeleg med mykje kaffi og omsorg.
Bollestad har i fleire år arbeidd for å få Pårørendesenteret inn som fast post på statsbudsjettet. Den kampen har ho på ingen måte gitt opp.
– Me må få folk i Oslo til å forstå at senteret treng ein økonomi som ikkje avheng av kva regjering som til ei kvar tid har makta, poengterte Bollestad som ønskte senteret minst 50 år til.
Leiar for barn som pårørande ved Stavanger Universitetssjukehus, Gro Christensen Peck, trekte i sin tale fram sjukehuset sitt mangeårige og gode samarbeid rundt denne pårørandegruppa. Ho fortalde at sjukehuset har hatt stor nytte av Pårørendesenteret si opplæring og rettleiing.
Fantastiske nettsider
– Sjølv om barn har foreldre som slit med vidt ulike ting innan rus, psykiatri og somatikk, ser me at barna likevel har mange av dei same behova. Pårørendesenteret sine nye nettsider er fantastiske og videosnuttane og intervjua som ligg der er jamleg i bruk i arbeidet vårt, formidla Peck, og la til at sjukehuset framleis treng å bli flinkare til å ta seg av pårørande.
Anne S. Selbekk frå Rogaland A-senter og Kompetansesenter Rus karakteriserte Pårørendesenteret si rolle som interessant.
– I staden for å avlaste oss i pårørandearbeid, vil Senteret heller støtta oss i å byggja vår eigen familieorienterte praksis.
Ho trekte også fram at Pårørendesenteret når andre typar pårørande som andre ikkje når, til dømes pårørande til menneske som nektar å søka behandling.
– Pårørendesenteret har gjort dei usynlege synlege, avslutta Selbekk.
Arnhild G. Ottesen frå Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk Helse Rogaland trekte også fram Pårørendesenteret som ein god stad å søke kunnskap og råd.
Førsteamanuensis Kirsten Jæger Fjetland ved fakultet for helsefag ved VID vitenskapelige høgskole i Sandnes var likeins glad for å ha samarbeid med Pårørendesenteret i undervisning og forsking, samt i kurs- og konferansesamanheng. Fjetland meiner initiativtakarane bak Pårørendesenteret har utvikla velferdsstaten ved å setja pårørande sine ressursar og behov på den nasjonale dagsordenen.
Takk for at de har gitt pårørande rom og
plass slik at dei kan komma seg vidare.
– Håkon H. Johnsen, Blå Kors Kompasset
Ein spydspiss
Rolla Pårørendesenteret nå har med å hjelpe kommunane til å få laga pårørandestrategiar er eit vendepunkt i norsk velferdshistorie, påpeika ho. Ho nemnde også Pårørendesenteret si moderne organisering med både erfaringskompetanse og formell kompetanse.
Avdelingsleiar Håkon H. Johnsen ved Blå Kors Kompasset i Sandnes hylla Pårørendesenteret for å ha sett pårørande på kartet og for å ha vore innovative i arbeidet sitt.
– Takk for at de har gitt pårørande rom og plass slik at dei kan komma seg vidare, sa Johnsen.
Pårørendesenteret fekk også ei helsing frå Universitetet i Stavanger sitt helsevitenskapelige fakultet ved forskarane Heidi Dombestein og Inger Johanne Bergerød. Desse to arbeider med pårørandeforsking. Begge håpa på meir samarbeid med senteret i framtida fordi det er viktig å knyta praksis og forsking tettare saman.
Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa måtte melda avbod til festen, men helsa gjennom utsending Bjørg Odland som kunne formidla at fylkesmann Kleppa har stor sans for Pårørendesenteret si framoverlente posisjon. Ho har dessutan følgd senteret si utvikling heilt sidan starten og var den som stod for den offisielle opninga i 1998. Då var Magnhild Meltveit Kleppa sosialminister.
Ei trygg storesøster
Dagleg leiar for Kreftomsorg Rogaland Hanna Baardsen samanlikna Pårørendesenteret med ei trygg storesøster som banar veg.
– Det er godt å ha nokon som trur på dei same verdiane som oss og som brenn for same målgruppa, sa Baardsen og la til at ho var imponert over korleis Pårørendesenteret har utvikla det nasjonale tilbodet sitt.