Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
07. februar 2021

Styresmaktene overvurderer dei eldre sin digitale kompetanse i vaksinevarslinga

Eldreombod Bente Lund Jacobsen rår pårørande om å sjekka om deira gamle slektningar har fått vaksine-varsel. Ho er sterkt uroa for at eldre som bur i kommunar som har vald heil- eller halvdigitale varslingsløysingar, kan droppe heile vaksinen.
Styresmaktene overvurderer dei eldre sin digitale kompetanse i vaksinevarslinga
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

​Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Bildet: Eldreombod Bente Lund Jacobsen er uroa over at vaksine-informasjonen til dei eldre blir for digital.

For dei over 80 er det aller sikrast at fastlegen tek ein gamaldags telefonsamtale der ein tek ein skikkeleg prat og forsikrar seg om at den det gjeld forstår at dei ringer for å tilby vaksine mot covid-19, påpeiker Jacobsen.
 

Pårørande må stilla krav

Eit anna alternativ er å sende brev i posten, om det er tid til det. I kommunar der det ikkje skjer, oppmodar ho urolege pårørande om å ta ein prat med ordføraren og legekontoret og krevja tilpassa løysingar som sikrar at alle heimebuande eldre får beskjed om når dei kan få vaksinen.
 

Mi oppmoding til pårørande er å vera proaktive, spør dine gamle foreldre om dei har fått tilbod eller informasjon om vaksinen. Svarar dei nei, finn ut kvifor.


– 80 prosent av alle eldre over 80 år bur heime, det er ei stor og viktig gruppe det er viktig å nå med vaksineinformasjon, minner eldreombodet om.

– Denne aktuelle gruppa som skal få vaksine nå tel rundt 230 000 menneske. Fordelt på alle landets 356 kommunar, skulle det bli ein heilt grei jobb og ikkje altfor mange å ringe per lege, legg ho til.

Bente Lund Jacobsen vonar også lokalpressa rundt om i landet løfter denne problemstillinga, som nyleg var tema i ein NRK-reportasje på Kveldsnytt frå Arendal, der ein fastlege var uroleg for at vaksinasjonsprosenten ville gå ned blant dei eldre, fordi registrerings-metoden  opplevest som ei digital hinderløype av mange eldre.
 

Overvurderer eldres digital kompetanse

Eldreombodet har tidlegare kritisert styresmaktene for å overvurdera dei eldre sin digitale kompetanse, no sist ved Kommunal -og moderniseringsdepartementet sine planar om å berre laga digitale valkort til årets stortingsval.

Det finst rundt 600 000 vaksne menneske i Norge i dag utan tilgong til digitale hjelpemiddel, som pc, nettbrett eller smarttelefon. 400 000 av desse er over 60 år. Mange blant våre eldste er vande med å finna informasjon i ei papiravis. Dei har ikkje høyrt ordet heimeside og har heller ikkje høve til å gå inn på ei, om dei ikkje har ei digital eining.
 

Ta ein prat med ordføraren og legekontoret og krev tilpassa løysingar som sikrar at alle heimebuande eldre får beskjed om når dei kan få vaksinen.


– I desse dagar får eg telefonar frå pårørande i heile landet som deler sine erfaringar. Me har fått høyra det gode eksempelet der fastlegen ringer mannen på 93, men kona hans på 81 har ikkje høyrt eit ord om når ho skal få vaksinen. Ved eit anna tilfelle dreiv fastlegen og ringte eit fasttelefonnummer som var feil, med det resultat at pasienten ikkje fekk vaksine-beskjed.
 

SMS med lenke

Ho held fram: – I Tromsø kommune sender dei SMS-ar til alle dei heimebuande gamle som nå står for tur til å få sin dose vaksine. Ganske mange eldre i dag  vil kunna ta i mot SMS-ar, men utfordringa med dette er at i sms-en, får mange beskjed om å gå inn på ei lenke for å registrere seg for vaksinering. Men alle har ikkje ein telefon som gjer det mogleg å gå inn på ei lenke. Difor meiner me at ein slik SMS også må innehalde eit telefonnummer som det går an å ringe for dei som ikkje har smarttelefonar, seier Bente Lund Jacobsen.

Ho er redd fleire eldre vil gi opp og droppa vaksinering om det blir for vanskeleg å få naudsynt informasjon om vaksineringa og korleis ein registrerer seg. Somme kommunar har ennå heller ikkje varsla sine eldre innbyggarar om vaksinen, har Eldreombodet fått beskjed om.
 

Me har fått høyra det gode eksempelet der fastlegen ringer mannen på 93, men kona hans på 81 har ikkje høyrt eit ord om når ho skal få vaksinen.


Ho forsikrar om at Eldreombodet er på ballen og følgjer utviklinga tett. Ein medarbeidar sit og undersøker heimesidene i både små, mellomstore og store kommunar i Norge for å følgja med på korleis både vaksinevarslinga og informasjonen frå sjukeheimane blir løyst. I ein situasjon der vaksineringa er forseinka, er god informasjonsflyt viktig for å hindre endå større forseinkingar, minner ho om.
 

Har informasjonen komme fram?

Me må ikkje bli ståande og stange i ei aldersgruppe, for nye grupper står for tur. Mi oppmoding til pårørande er å vera proaktive, spør dine gamle foreldre om dei har fått tilbod eller informasjon om vaksinen. Svarar dei nei, finn ut kvifor. Slik kan pårørande finne ut om det er viktig informasjon som kan ha gått dei gamle hus forbi, påpeiker ho.

Også overlege Preben Aavitsland ved områdeleiinga for Smittevern, miljø og helse ved Folkehelseinstituttet ber pårørande ta ansvar.

– Me er veldig glade for at mange pårørande kan hjelpa til med å sjekke kommunens heimesider, registrere dei gamle og køyre dei til vaksinasjonsstaden.

Han legg til at det er kommunane som skal legge til rette for vaksinering. Dei kan organisere dette som dei vil.

– Vi ved Folkehelseinstituttet gir dei råd.
Nokre kommunar nyttar fastlegane til vaksinering, andre set ifølge Aavitsland opp eigne vaksinasjonsstader og nokre kombinerer desse.
 

FHI har nasjonal vaksineoversikt

– Nokre kommunar nyttar digitale brev for å kalle inn pasientane. Vi kan sjå at dette kan verte problematisk for nokre eldre. Preben Aavitsland rår difor som Eldreombodet kommunane til å ha telefonløysningar i tillegg. 

Han opplyser at FHI på si heimeside har eit kart med oversyn som viser veg til ordningane i kvar kommune. Sida finn du her: Koronavaksinasjonsprogrammet – FHI.

 
 
 
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut