Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
27. juni 2024

Slaget endra Reidun og ektemannens liv totalt

Det var i eit middagsselskap i februar 2022 det skjedde. Odd Kjeldsen, Reidun Kyllingstads kjæraste i over 20 år fall saman, råka av eit kraftig slag.
IMG_5698
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

Dei hadde ikkje fått noko forvarsel, 83-åringen hadde vore heilt frisk og rask fram til då.

Livet er delt inn i eit før og eit etter vinteren 2022. Medan begge var friske levde dei eit aktivt liv, der turar i skog og mark var ei viktig felles glede. Reiser til slekt og vener likeins. Økonomi, husarbeidet og anna førefallande arbeid blei delt på to. No fell nesten alt av arbeid i hus og heim på henne.

– Odd er med og ryddar inn og ut av oppvaskmaskinen, med ei hand, for høgresida hans blei lam etter slaget, fortel 71-åringen frå Rennesøy i Stavanger.

Før slaget var Odd nevenyttig som få og det var ikkje den ting han ikkje kunne fiksa, fortel Reidun.

Like ved henne sit 85 år gamle Odd og lyttar til samtalen, han skyt inn nokre ord no og då, men taleevna hans er sterkt reduser etter hjerneslaget.

 

Stengt inne i seg sjølv

Det at han ikkje lenger kan snakka er noko av det tyngste for dei begge. Den manglande taleevna gir begge ei kjensle av einsemd, sjølv om dei er i same rom. Dei djupe gode samtalane er eit stort sakn, vedgår Reidun. Ektemannen kan heller ikkje lenger skriva, dermed kan han ikkje skriva kva han tenker på.

No må ho ofte spørja seg fram gjennom mange rundar for å forstå kva Odd tenkjer på. Slike samtalar tek tid. Dette gjer også at ektemannen ikkje har så stor glede av sosialt samvær som før, for ein blir fort isolert når ein ikkje greier å vera med i vanlege samtalar. Reidun føler difor på eit stort ansvar for å halda han mest mogleg med selskap, så han ikkje skal føle seg så åleine. Difor er ho ikkje så mykje på farten, som ho eigentleg kunne ønskt seg.

– Når me prøver å snakka saman kjem det ofte mange kjensler til overflata hjå oss begge, fortel ho.

Reidun seier dei enno er midt i ein sorgprosess og gråten er aldri langt unna, heller ikkje i dette intervjuet. 

– Me har felt mange tårer saman, slår ho fast.

Ei stor sorg for begge

No må livet levast på Odd sine premiss. Men sjølv om det meste i livet er endra, er bandet og kjærleiken mellom dei to den same.

 

– Sjølv om me enno er i sorg over det livet me miste, tenkjer me no lite på korleis me kunne levd om ikkje sjukdom råka. Me har greidd å komma inn i eit spor der me har akseptert at det er slik livet er no. Og heldigvis har tilstanden til Odd i det siste vore stabil, og i betring, det gir oss større ro i kvardagen, fortel Reidun.

Slik var det ikkje i starten, då heldt ho på å mista ektemannen i hjartestans berre nokre veker etter han fekk slag.

Paret er komme inn i eit meir konstruktivt spor, der dei har begynt å leita etter kva som er mogleg å få til, og ikkje berre vera opptekne av kva som ikkje går. Den strategien har mellom anna ført dei til Solgården, noko som blei ei flott oppleving for begge. Planen er difor å gjenta suksessen neste år. I sommar er målet å ta ein flytur til Tønsberg for å besøka Odds familie der.

– Me gler oss til det, det er eit nytt skritt for oss å ta, påpeiker Reidun.

 

Reidun spring etter rullestolen

– Me legg jo ikkje planar veldig langt fram, men øver oss i kjenna på gleda over dei nære ting, og setja pris på det som me enno meistrar. Me går framleis tur, ikkje i ulendt terreng, men Odd har elektrisk rullestol og den er han ofte ute og køyrer tur med, både åleine og saman med meg. Me likar oss rundt Hålandsvatnet og Stokkavatnet.Då får eg god trim, for eg kjem halsande bak, for han køyrer nokså fort, men då får eg jo ekstra god trim, seier Reidun muntert.

Køyreturar set dei også pris på, og Reidun er glad ho er sterk nok til å få rullestolen hans inn i bilen. 

– Me er glade i gå på kafe, men det er jo ikkje alle stader me kan gå, fordi Odd ikkje kjem inn med rullestolen sin.

Rullestolen gjer at dei også er delvis avskorne frå å besøka slekt og vener. Odd har barn og barnebarn som bur slik til at han ikkje kan besøka dei. Det er sårt, heldigvis kan dei komma til Odd og Reidun på besøk i staden.
 

Sjølv om me enno er i sorg over det livet me miste, tenkjer me no lite på korleis me kunne levd om ikkje sjukdom råka.

 

Har funne rytmen i sjukdommen

Straks Odd fekk slag, visste Reidun at ho ikkje måtte gløymde seg sjølv oppi alt.

– Eg hadde før Odd blei sjuk sagt til andre pårørande at dei måtte ta vare på seg sjølv, nå måtte eg seie det same til meg sjølv og eg la raskt ein strategi der eg passa på å ha mitt eige oppi alt. Likevel kjenner eg jo på at eg ikkje strekk til korkje for Odd eller meg sjølv. Alt kunne alltid vore betre, men eg har ikkje brote saman. Både eg og Odd er no blitt vande med sjukdommen, og då kjennest ikkje alt så skummelt lenger. Me har funne rytmen og rutinen i sjukdommen.

Å ha heimesjukepleie inn i huset tre gonger for dagen er slitande, men også positivt.

– Heimesjukepleiarane gjer at me regelmessig har nokre andre å snakka med, og dela uro eller undring med.

Begge var pensjonistar då Odd fekk slag, men Reidun var akkurat då i eit vikariat, og den jobben blei ein viktig fristad for henne dei første månadene då Odd var på sjukehus og deretter på opptrening på Bergåstjern.

Ho har også halde fram i turgruppa si og er mellom anna med og driv ein språkkafe og yter språkhjelp. Ho pleier venskap med venninner, men når Odd ikkje er på avlasting, blir det berre dagsturar.

Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og familien​

Når pårørenderollen din krever alle fysiske og psykiske ressurser, er det ikke uvanlig å kjenne på tomhet. I slike situasjoner kan en føle på nedsatt evne til å glede seg over ting, som tidligere har gitt glede. Det kan være en ekstra belastning dersom du ikke opplever å ha de samme følelsene for nære venner og familie som før.

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Vanlige reaksjoner og belastninger
Group%20947
Påfyll for egen del
Group%20947
Fremtidsfullmakt
Group%20947
Avlastning og assistanse

Håpar på to vekers sommarferie

– Eg har ikkje lyst til å dra frå han så lenge, han nektar meg ingenting, men eg veit han blir så einsam. Odd bur ei veke på sjukeheim i månaden, då kan eg komma meg ut på lengre turar. Men me held heile tida kontakt via meldingar eller på telefon. Då veit eg at Odd er trygg, men sjølv om dei steller godt med han på sjukeheimen, veit eg jo at dei ikkje har tid til å ta han med på så mange aktivitetar.

Reidun seier ektemannen unner henne å ha det kjekt, men det er sitt eige samvit som legg mest band på henne. I fjor fekk ho to veker fri då sjukeheimen tilbaud henne to veker avlasting i strekk, i staden for den eine veka ho vanlegvis får. I år har ikkje sjukeheimen kapasitet til å tilby meir enn ei veke, men ho vil likevel prøva å få to veker fri og er i dialog med kommunen om dette. 

Til vanleg får ektemannen besøk av heimesjukepleia tre gonger til dagen. Skal Reidun få seg ekstraferie, må heimesjukepleien komma oftare, for Odd kan ikkje laga seg mat sjølv. Dei må også komma og få han i seng. Og då må han i seng til rundt klokka 21.

No er det Reidun som passar på når Odd skal leggja seg. Heimesjukepleiaren gjer han klar for natta, men for at han skal få vera lenger oppe, er det kona som passar på at han kjem seg frå rullestolen og over i senga utan å falla.
 

Dei gode øyeblikka finst og i dette livet.

 


Nye draumar i eit nytt liv

Odd legg seg likevel ofte tidlegare enn henne. Reidun likar å sitja oppe ei stund utover kveldane, då får ho eigatid og kan dykka inn i bøkenes verd. Det gir naudsynt påfyll. Nettene er rolege, Odd søv ikkje så godt, men han uroar ikkje Reidun.

– Det er godt eg får sova, slik var det ikkje dei første vekene, då låg eg på otten for at telefonen skulle ringa om natta, då Odd var på sjukehuset og sjukeheimen. 

Ho kan gå frå Odd nokre timar på dagtid, han er ikkje redd for å vera åleine. Han likar å følgja med på nyhende og sport på tv. Elles lyttar han på radio, lydbok og legg kabal.

Reidun er med i ei pårørandegruppe ved Pårørendesenteret. Ho set pris på å møta andre i same situasjon og kor ein ikkje treng forklara så mykje.

– Me har mykje felles sjølv om diagnosane er ulike. For meg er dette ein fristad, erkjenner ho.

Det er grunnleggande å forsona seg med lagnaden sin, for det nyttar ikkje å protestera.

Dei to ser ikkje så langt fram, tek berre ein dag om gongen. Slaget har lært dei å bli glad i dei nære ting, draumen treng ikkje vera noko langt borte. 

– Nå gler me oss over alle dei fine åra me hadde saman då me var friske. Me er i gong med ei ny type oppdagingsreise, også den full av spennande utfordringar. Så gler me oss over å meistra stadig nye ting i det nye livet. Dei gode øyeblikka finst og i dette livet, slår 71-åringen fast.

Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut