Få eller ingen spurde korleis «Turid» hadde det, då stesonen «Otto» tok livet sitt, sjølv om ho hadde teke del i livet hans heilt frå han var ein liten gut. Ektemannen «Kåre» fekk hendene fulle, både med si eiga sorg, og med å hjelpa og støtta si tidlegare kone og deira andre felles barn gjennom tragedien.
Både Turid og Kåre meiner steforeldre og stesøsken ofte hamnar i ei blindsone i hjelpeapparatet. Dei blir ikkje rekna som fullverdige pårørande, til tross for at dei har teke aktivt del i livet til den som er død eller sjuk. Av omsyn til resten av familien ønsker dei å fortelja historia si anonymt.
– Eg var like trist som dei andre
– Eg var like trist og sjokkert som dei andre for eg hadde fått sterke band til han. Men eg våga ikkje seie noko om sorga mi til mannen min. Trur eg tenkte at eg måtte skåna han. Eg såg jo at han hadde veldig mykje å ta seg av og at han hadde det forferdeleg vondt sjølv. Heller ingen andre tenkte så mykje på meg, fekk eg inntrykk av. Det einaste eg fekk høyra av ein, var at eg nå måtte vera sterk for dei andre, fortel ho.
Ektemannen såg ho knapt dei næraste dagane for han var mykje hjå si tidlegare kone. Her møtte dei presten og førebudde gravferd. Heime gjekk Turid og kjende på vanskelege kjensler, samt mangel på involvering.
På sidelinja
– Eg skjøna jo at han måtte vera saman med gutens mor i desse dagane, det er ikkje det, likevel kjendest det sårt å bli sett på sidelinja, for eg hadde også forslag og ønske rundt gravferda sidan eg jo kjende guten godt, forklarer ho.
Det var ein psykiatrisk sjukepleiar som fekk stemora inn på radaren. «Kåre» fekk nemleg tilbod om samtalar hjå denne sjukepleiaren. Ein gong han var hjå henne spurde ho: - Korleis går det med kona di?
Kåre svara at han trudde det gjekk greitt med henne. Sjukepleiaren insisterte likevel på å få snakke med henne, sjølv om han inst inne ikkje kunne skjøna at det var nødvendig.
«Kåre» fortel at då kona kom heim etter samtalen hadde ho fått ei lekse. Dei to skulle snakke skikkeleg saman om alt som var hendt.
Steforeldre, stesøsken, stetanter, steonklar og stebesteforeldre er ei gruppe pårørande som bør inkluderast i sirkelen av nærståande, desse bør få same status som biologisk familie.
Ekteskapet i krise
– Først då skjøna eg kor langt unna kvarandre me hadde hamna. Eg forstod at Turid vurderte å gå i frå meg, fordi eg ikkje såg henne oppi mi eiga sorg. Det blei ein skikkeleg vekkjar for meg, påpeiker han.
I ettertid ser han at han gjorde ein stor feil ved å ikkje gi kona ei rolle i det som skjedde, på lik linje med dei andre familiemedlemmene.
Turid meiner samtalen med sjukepleiaren redda ekteskapet deira og gav henne mot til å setje ord på kva ho tenkte og kva ho trong midt oppi det heile. Kåre innser at han burde ha bede presten om å også komma til hans heim, som jo var guten sin andre heim, slik at stemora også fekk komma med sine tankar rundt det som var skjedd.