Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
11. oktober 2024

– Eg måtte ta nokre skritt bort frå min rusavhengige son

Kathe Dyrset sin vaksne son har slite med rusproblem og psykiske vanskar i mange år. No har ho endeleg innsett at ho ikkje kan berga sonen sin. Ho har sett ei grense for seg sjølv, slik at ho kan ha eit så godt liv som råd, trass sonen sine utfordringar.
Kathe-Dyrset

Dyrset er den første til å vedgå at det ikkje er lett, for mora i henne vil ikkje alltid halda seg i ro. Men gjennom organisasjonen A-larm der ho sjølv også arbeider, har ho lært seg å bruka ein tanke-kommode med tre skuffer.

 

– Eg kunne ikkje redda han

Men før ho lærte å ta den i bruk, gjorde ho ifølge eiga utsegn, alt feil i 12-13 år. Heile tida med dei beste intensjonar, men morsinstinktet tok overhand, og ho trudde fullt og fast at ho skulle redde guten sin frå rusproblema.

– Eg gav han mykje pengar til mat, betalte kredittkortgjeld for han, hjelpte han å flytta inn i nye husvære, vaska for han. No får han ingenting av meg lenger, korkje mat eller klede, fordi det jo gjer at han får frigitt pengar til å kjøpa alkohol og stoff. Den einaste gongen han får mat, er når han deltek i måltid i huset vårt, forklarer ho.

Vendepunktet kom for rundt fire år sidan då ho endeleg blei sett og høyrt som pårørande ved eit behandlingskollektiv. 

– Då var sonen min på langtidsopphald ein stad der eg og dei andre i familien vår blei sett som pårørande. Då gjekk det opp eit lys for meg, og eg innsåg eg at sonen min har eit val, han kan velja å leva livet sitt, eller han kan velja å rusa bort både pengar og liv.

Kathe gjekk ned for teljing for fire år sidan, noko som førte til eit års sjukmelding, fortel kvinna som har vore tilsett i ved Universitetet i Oslo i mange år.
 

Det gjer enno vondt å vita at sonen min kan gå i dagevis utan å eta fordi han heller vil bruka pengane på rus.


 

Du må ut av kaoset

I denne perioden kom ho i kontakt med A-larm og blei med på organisasjonen sine digitale møte for pårørande. Dette har ført til at ho no sjølv tilbyr livsmeistringsråd til andre pårørande.

– Dersom eg kan få berre ein pårørande til å innsjå at det ikkje nyttar å stå i det kaoset det er å prøva å redda ein rusmisbrukar, er det verdt det. For du greier det ikkje, dersom personen ikkje sjølv har eit sterkt ønske om å bli rusfri, understrekar ho.

Ho legg til at sonen gjennom åra gradvis har forstått kor tøft det har vore å vera mor og pårørande. Det har ført til at han sjeldnare tek kontakt med Kathe, som på si side har trekt seg meir vekk frå sonen, og sett opp grenser rundt livet sitt. Ho kontaktar no ikkje han, det er han som av og til tek kontakt med henne. Og ho passar på at no er ho berre mamma, ikkje livreddar.

– Men det har vore ein lang og tøff prosess å komma dit, for det gjer enno vondt å vita at sonen min kan gå i dagevis utan å eta fordi han heller vil bruka pengane på rus, erkjenner ho.

Sonen hennar har vore i mange ulike behandlingsopplegg, både lange og korte. Berre ein gong har ho som mor blitt involvert som pårørande.

Rusavhengige må bli sette krav til

Ho meiner pårørande til menneske som slit med rus og psykiske vanskar, såkalla ROP-lidingar, må få mykje betre oppfølging, både for sin eigen del, men også for dei som er sjuke. Dei er heller ikkje tente med at pårørande slit seg fullstendig ut, viser ho til.

 

– Sonen min har hatt gode stunder under langtidsbehandlingar, men når han er ferdig, er det ikkje noko skikkeleg ettervern på plass, eller det vil seie, ettervernet er meg. Mange ROP-pasientar treng nokon som dyttar bak, eller hamnar dei ofte raskt ut i trøbbel igjen, påpeiker Kathe.

Sonen har ikkje budd heime med Kathe og resten av familien sidan han var 19 år. Han får komma på besøk, men då må han vera rusfri, påpeiker mora.

Når ho klagar eller etterlyser tiltak rundt sonen, får ho ikkje svar. 

– Menneske med ROP-lidingar er nedst på rangstigen i helsevesenet. seier ho.

Sjølv om ho har gitt opp å redda han frå rusen, ber ho enno draumen om at han skal få seg arbeid og ein betre stad å bu no enn det dårlege husværet han bur i no. Ønsket om eit verdig liv for sonen der han får oppfølging til å ta litt meir tak i eige liv. Ifølge henne blir rusavhengige stilt for lite krav til, ho meiner det er viktig at ein også ventar seg at dei yt noko.

I alle desse åra, med unntak av ein stad han var på langtidsopphald, har ho kjent seg usynleg som pårørande, men ho trur pårørandeoppfølginga avheng av kva kommune du bur i. Barna og sambuaren har, ifølge Kathe, også stort sett blitt oversett, sjølv om dei også har opplevd mykje kaos og tøffe tak i heimen. Men under den eine pårørandesamlinga familien var på, fekk Kathe bede den andre sonen sin om orsaking fordi ho ikkje hadde sett han skikkeleg på grunn av brorens utfordringar.
 

Sonen min har hatt gode stunder under langtidsbehandlingar, men når han er ferdig, er det ikkje noko skikkeleg ettervern på plass, eller det vil seie, ettervernet er meg. 

 

Tanke-kommoden hjelper

– Etter det fekk me eit betre forhold og me forstår kvarandre betre.

Kathe er lei seg for at ho ikkje fekk noko pårørandekurs tidlegare, for då hadde ho endra tankegangen sin før. 

– Meg sjølv var jo den siste som eg tenkte på. Fastlegane bør bli flinkare til å hjelpa pårørande å finna fram til hjelp, for skal ein kava rundt åleine, risikerer ein å bli ufør fordi ein ikkje får hjelp før det er for seint.

Ho meiner også pårørande i større grad bør bli brukte som ein ressurs i behandlinga.

No er ho tilbake i full jobb, enno kan ho i periodar bli så redd og stressa at ho ikkje får sova, men desse fasane går no fortare over.

Eit viktig verktøy er å sortera tankar i ein kommode. Den har tre skuffer. I den eine skuffa legg ho ting ho må få gjort noko med. I den andre ligg ting som kan venta å gjera noko med. I den tredje ligg det som ho ikkje kan få gjort noko med. Kvar dag brukar Kathe ein time til å sortera tankar i dei ulike kommodeskuffene. I dei andre 23 timane i døgnet skal ho ikkje bruka tid på destruktive tankar. Men i den eine timen kan ho la dei vonde tankane komma.

– Livet mitt er blitt betre og eg har meir overskot etter eg begynte med tanke-kommoden, fortel ho.

Infolapp%20med%20binders

Selvhjelpsverktøy og andre ressurser

Oppfordringen «husk å passe på deg selv» føles ikke alltid som omsorg. Snarere som en påminnelse om enda noe du ikke mestrer. Du vet du burde, men klarer det ikke. Den dårlige samvittigheten tar mange former hos pårørende som forsøker å holde hodet over vann.

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Bekymringsskuffene
Group%20947
Bekymringskvarteret
Group%20947
Grensesetting
Group%20947
Dårlig samvittighet tar ikke ferie
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut