Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
17. mars 2025

– Eg vil med glede stille opp for mor mi når det trengst

Orda kjem med ettertrykk frå Aud Hølland Riise. Me sit på kafe i Stavanger sentrum, mora, 85 år gamle Marit Hølland Paulsen, sit tvers over bordet, enno heldigvis både sterk og oppegåande.
Paulsen
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist

Temaet er kvinner som pårørande. Undersøkingar viser jo at kvinner tek svært mykje pårørandeansvar. Men finst det ulike forventningar mellom ulike generasjonar kvinner?

Per nå er det faktisk slik at dei to kvinnene me har møtt for intervju faktisk har krefter til å vera pårørande for kvarandre. Mor Marit seier ho hadde hatt kapasitet til å gå inn i pårøranderolla nedover i generasjonane, om det skulle trengast.

 

Går det ei grense?

– Kunne du som dotter  vurdert å flytta inn til mor og far din når dei byrjar å skranta?
​– Nei, det måtte i så fall blitt for ein kortare periode i ein spesiell situasjon, svarer Aud.

Mor Marit seier ho kunne ha flytta inn til sine barn og hjelp til i ein akutt situasjon, men ser ikkje for seg at barna skal flytta inn til henne og mannen.

– Mor og far har då også opp gjennom åra hatt ulike pårøranderoller til eigne barn og barnebarn, og eg er svær glad for at foreldra mine enno er sjølvhjelpte, for eg veit at mange på min alder har mykje ansvar for foreldre som byrjar å streva med helsa, seier Aud Hølland Riise.

Aud  er vaksen opp i ein søskenflokk på tre. Ho har ei søster og ein bror. Både ho og søstera er sjukepleiarar som også mor Marit er. Men Aud trur ikkje at broren på nokon måte vil sluntra unna pårørandeansvaret sitt den dagen foreldra treng meir hjelp og støtte.

Mann eller kvinne må gjerne jobba mindre viss pårøranderolla krev det, men då bør paret gjera bindande avtalar om å dela både lønn og pensjonspoeng i tilfelle dei seinare blir skilde.

Marit Hølland Paulsen
– Me har likestilling i blodet – Me veit jo at tradisjonelt har kvinnene tatt mykje av det tyngste pårørandeansvaret, og i hjelpeapparatet har det også til tider blitt stilt større krav til kvinnelege pårørande enn til mannlege. Eg håpar at desse forskjellane i forventningar er i ferd med å viskas ut, seier 57-åringen.

Ho legg til at ho uansett er trygg på at det ikkje blir ei skeivdeling i hennar søskenflokk. For det første bur alle i same by, i tillegg er dei vaksne opp i ein likestilt heim, der mora og faren delte husarbeidet likt mellom seg.

– Mor hadde alt ovanom golvet. Far hadde golvvasket. Det betydde at om mor var ferdig med sine plikter før far, kunne me sjå henne liggja på sofaen mens far for rundt og vaska golv. Men eg meiner det er lurt å ha eit møte når den tida kjem der me tre søskena deler pårørandeoppgåvene mellom oss. Noko vil falla meir naturleg for pårørande som er sjukepleiarar, og i vår tid kan det like gjerne vera ein mann i andre familiar, så kan dei som har annan bakgrunn, ta ansvar for andre ting, seier Aud Hølland Riise.

Ho legg til at intimstell ønsker ho å overlata til hjelpeapparatet.

Tenk at du kan bli skilt

Marit Hølland Paulsen har tatt mykje pårørandeansvar gjennom livet, både for eigne foreldre og ugifte tantar og onklar. Ho er usikker på kor mykje som har vore eigne forventningar og kva som har komme utanfrå, men dette er uansett noko har gjort med lett hjarta, og ein periode jobba ho 80 prosent, mellom anna for å kunna hjelpa mor si.

– Eg bryr meg ikkje om eg har mindre pensjon, for meg er det viktigast å ha helse til å vera pensjonist, slår Marit Hølland Paulsen fast.

– Du er heldig som ikkje blei skild, mor, seier dotter Aud, litt på spøk og litt på alvor.

Ho er i prinsippet samd i at av og til kan pårørandeansvar blir for mykje i kombinasjon med to fulle jobbar, kanskje spesielt i dei tilfella pårørandeansvaret er eit livslangt prosjekt som det gjerne blir om barn er sjuke eller har funksjonsnedsettingar.

Dette handlar først og fremst om korleis relasjonane er i familien. Er banda gode og tette, fell det naturleg for dei fleste, uavhengig av alder, å stilla opp for sine.

Marit Hølland Paulsen
– I ei perfekt verd der ingen skil seg, så hadde det jo vore fint om den eine, kunne gå ned i stilling, men så altfor ofte blir ho då, for det er jo oftast kvinner som gjer dette, sitjande igjen med svarteper, viss ekteskapet ryk. Mann eller kvinne må gjerne jobba mindre viss pårøranderolla krev det, men då bør paret gjera bindande avtalar om å dela både lønn og pensjonspoeng i tilfelle dei seinare blir skilde, påpeiker ho.

Riise meiner det er uheldig om det ulønna omsorgsarbeidet ikkje blir delt likt mellom kjønna, og viser til at kvinner går meir deltid og er oftare sjukemelde, noko som truleg også kan henga saman med omsorgsarbeid.

 

Ein fin ting å hjelpa kvarandre

Både mor og dotter er samde om at det er noko fint i det bandet mellom menneske i ein familie, og at dei aller fleste er glade for å kunna hjelpa. Dette er difor noko som begge både gjer og har gjort med glede.

Likevel må det gjerast på ein berekraftig måte, slik at ein ikkje slit seg ut. Korkje Aud eller Marit har følt at pårøranderollene dei til no har hatt, har vore overveldande.

– Opplevde du Marit at det var andre krav til kvinner som pårørande då du vaks opp?
– Ja, men eg hadde ein far som stilte veldig mykje opp for stemor si. Men då far si biologiske mor døydde då han var liten, var dei ei ugift tante som blei henta inn til å passa dei morlause barna, fram til faren gifta seg på nytt. Sjølv har eg aldri følt noko spesielt press fordi eg er kvinne, eg har gjort det eg har gjort ut av lyst, interesse og medkjensle. Og det blei ikkje stilt spesielle krav til meg då mannen min sine foreldre blei sjuke, då var det han som tok hovudansvaret, eg var dessutan då oppteken av å ta meg av far min, forklarer 85-åringen.

Infolapp%20med%20binders

Ta vare på deg selv

Gjennom å ta vare på deg selv, kan du forebygge egen helsesvikt og sikre at du klarer å utføre de omsorgsoppgavene du ønsker å utføre – over tid.

Ønsker du å vite mer om vanlige reaksjoner og belastninger og finne tips og råd for hvordan du kan håndtere situasjonen?

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Ti råd til deg som er pårørende
Group%20947
Påfyll for egen del
Group%20947
Selvhjelpsverktøy
Group%20947
Avlastning og assistanse

Eit liv i balanse

Aud Hølland Riise har ingen planar om å gå ned i stilling den dagen ho blir pårørande for foreldra sine. Det kan kanskje bli aktuelt å nytta velferdspermisjon når det er noko ekstra som skjer, elles har ho tru på at ho og søskena kan innretta pårørandelivet slik at det gir rom både for omsorg og eigenomsorg.

– Uff, eg kvir meg litt til den dagen de skal få arbeid med meg og mannen min. Me vil jo helst ikkje bli til for mykje bry for barna våre, det beste er jo å dø fort, slik at dei ikkje får noko arbeid med meg, seier Marit.

I ei tid då styresmaktene gjennom Helspersonellrapporten prøver å førebu folk på ei framtid der helsevesenet skal ha færre hender, og der frivillige og pårørande skal gjera meir, har de tru til at dei yngre generasjonane vil aksla denne oppgåva slik de har gjort?

Både mor og dotter er samde om at dei fleste 20 og 30-åringar ikkje ofrar pårøranderolla ein tanke, i alle fall ikkje før dei blir foreldre og sit heime med eit sjukt barn.

Sjølv var dei også sutelause som unge kvinner og tenkte aldri på at dei eldre i familien skulle komma til å trenga deira omsorg. Men begge har tru på at den oppveksande slekt vil veksa inn i pårøranderolla med åra, slik dei sjølv gjorde.

Det å vera pårørande for ein annan er først og fremst ein fin ting, for det handlar om det som bind oss saman. 

Marit Hølland Paulsen 

Gode relasjonar gir gode pårørande

– Dette handlar først og fremst om korleis relasjonane er i familien. Er banda gode og tette, fell det naturleg for dei fleste, uavhengig av alder, å stilla opp for sine. Men er relasjonane dårlege, kan pårørande føla mindre ansvar for å yta noko. Det gjaldt både før og no, seier Marit Hølland Paulsen.

I tillegg reknar begge med at ansvarskjensle og samvit kan variera noko, difor veit dei også at det kan oppstå usemje blant søsken der nokon meiner at andre gjer for lite, kanskje fordi ein har ulik standard for kva ein meiner er tilstrekkeleg  engasjement.

– Somme eldre kan nok også endra seg med alderen og klaga meir og trykka litt på ømt samvit ved å etterlysa fleire besøk og andre ting. Då er det lurt å hugsa alle dei gode minna ein har saman, og alt det fine denne personen har gjort for deg, dermed har ein litt å gå på, er rådet frå Aud Hølland Riise.

 

Pårøranderolla forsvinn aldri

Sjølv om begge er uroa for framtida med eit helsevesen med færre tilsette, ser dei ikkje for seg eit samfunn utan pårørande-oppgåver. Desse er viktige og meiningsfulle, så sant dei ikkje blir altfor tyngande, meiner dei.

– Det å vera pårørande for ein annan er først og fremst ein fin ting, for det handlar om det som bind oss saman. Pengar kan aldri måla seg med gode relasjonar, og gå kan ein tåla mykje. Og ein skal ikkje gå og uroa seg for mykje for kva pårørandeansvar som ventar. Dette er heilt normale ting som skjer i dei fleste liv, sjølv i ein velferdsstat som vår, må me rekna med og stilla opp for einannan,  seier Marit Hølland Paulsen.

Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut