Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
01. oktober 2024

– Ei søster som aldri gav meg opp, har æra for at eg lever i dag

57 år gamle Morten Sommerbakk takkar søster si Beate Sommerbakk (53) for at han er i live. Veslesøstera har stått ved han side i tjukt og tynt, og for det er han henne evig takksam.
1000009876

Søskenparet arbeider no begge ved Huset Bergen. Morten Sommerbakk arbeider som erfaringsformidlar. Huset Bergen er eit brukarstyrt hus for personar i aktiv rus og under behandling. Staden er eit alternativ til asfalt og gater.

Morten Sommerbakk starta med rus som 19-åring og rusa seg tett til han var 48 år. Som vaksen fekk han diagnosane bipolar og ADHD. Han beskriv store delar av det vaksne livet sitt som ein miks av psykosar, psykisk sjukdom, ADHD og anna elende, ein fæl kombinasjon som gjorde at han berre rusa seg endå meir.

– Eg hadde ofte vrangførestillingar og trudde folk var ute etter å drepe meg. Ein gong stakk eg ut i berre underbuksa og gjekk gatelangs i Bergen, heldigvis kom det eit miskunnsamt menneske og tok seg av meg.

Eg elskar bror min, men eg kunne likevel bli sint og irritert på han.

Beate Sommerbakk

Enkle, men strenge reglar

Heile tida var søstera der, ho veik ikkje frå han, sjølv etter ein episode då han prøvde å drepe henne. Ho var ei trygg hamn der han regelmessig kunna søka ly, ro og pause frå det knallharde ruslivet. Reglane til søstera var like enkle som dei var strenge. Morten fekk ikkje komma heim til henne og familien viss han var rusa, og han skulle alltid gi henne beskjed kvar han skulle når han drog frå henne igjen. Ho orka nemleg ikkje uvissa om han berre forsvann, for heile tida låg angsten for overdose på lur i dei periodane han rusa seg mykje.

Beate stadfester at broren var flink til å halda avtalane, og dermed fekk barna hennar eit fint forhold til onkelen sin i dei periodane han heldt seg rusfri heime hjå henne. Dagane hjå søstera blei fredelege lommar i livet då Morten kunne føla seg normal ei lita stund.

Då Beate var liten var det storebroren som tok seg av henne og gav henne tryggleik i livet, men så skulle veslesøster bli beskyttaren for storebroren gjennom fleire tiår.

– Eg elskar bror min, men eg kunne likevel bli sint og irritert på han. Eg var dessutan livredd at han skulle påverke mine barn til å hamne i rusmiljøet, men det den uroa kunne eg spart meg. Det eine barnet mitt kom også inn i rusmiljøet, men det hadde ingenting med bror min å gjere, han tok tvert imot vare på han då det skjedde, forklarer Beate.

Å takla sjukdom utan rus

Då Morten endeleg greidde å slutta og rusa seg som 48-åring, fekk han svar på kvifor kjenslene hans heile tida svinga så veldig. Det var ein lette å få diagnosen bipolar, fortel han. No tek han berre ein medisin for denne lidinga, elles er han heilt umedisinert.

– Eg har lært meg til å leva med humørsvingingane utan rus. Når depresjonen kjem, så tillèt eg meg å ha ein mørk dag. Før pøste eg på med alle slags greier fordi eg ikkje forstod kva som skjedde med kjenslene mine, og ville rømma frå depresjonen. Livet er no ganske godt, påpeiker Morten.

I løpet av sitt lange liv med rus prøvde han ei rekke behandlingsmetodar, men ingenting fungerte. Det var musikkterapi som til slutt blei løysinga. Her opplevde Morten meistring, ingen kravde at han skulle slutta å rusa seg, nedtrappinga fekk han ta i sitt eige tempo. Her fekk han eit livsprosjekt i staden for ei rekke reglar og gjeremål han ikkje likte. Han blei oppslukt av musikken og i øvingsrommet var det forbode å snakka om problema, og dermed blei musikken ei frisone kor ein berre hadde det moro saman.

 

– Blir eg rusfri nokon gong

I periodar trudde Morten aldri han skulle bli frisk, for livet svinga framleis. Men søstera var som ei klippe og låg og heldt rundt han ei natt då angsten herja som verst. Han skreiv ein song om den natta, der han tømde heile sjela, og brått forstod han at han hadde vore rusfri i eit halv år, og etter den tøffe natta har han ikkje hatt psykosar.
 

Søster mi gjekk gjennom eit samlivsbrot etter dette og då kjendest det så godt at eg endeleg hadde krefter til å passa på henne, og at me saman kunne vera gode pårørande for faren vår som fekk demens.
Morten Sommerbakk

Morten og Beate fortel om eit søskenskap som er svært nært. Dei to kjenner begge sine inste løyndommar og kan snakka om alt.

Beate fortel at brorens problem forplanta seg i heile familien. Då ho fekk sitt første barn, følte ho ikkje mora viste stor nok glede og interesse for barnebarnet sitt, fordi ho var så fortvila og oppteken av sonen sine problem. 

– Eg sa til henne kor skuffa eg var over henne som bestemor. Då spurte ho meg om eg ikkje var glad i min vesle babygut? Jo, sa eg. Trur du at du er mindre glad i guten din når han er vaksen? Nei, sa eg, og eg forstod brått poenget, og kvifor ho ikkje greidde gi slepp.

Slik som heller ikkje ho som søster greidde. Sjølv om Beate var redd dei gongene han var aggressiv mot henne på grunn av abstinensar, greidde ho å henta fram ei indre styrke til å stå i det. Beate visste heile tida at det var rusen sin feil, for den ekte Morten oppførte seg aldri slik.

 

Har lært seg livsmeistring

Søskena fortel at dei har snakka grundig ut om rusåra og lagt alt bak seg. Begge ser lyst på framtida og engasjerer seg i andre sine rusproblem både på individ- og samfunnsnivå. Morten har lært seg til å leva med at både humør og energi svingar, men dei dagane han er i godt humør, hjelper ADHD–diagnosa han til å få gjort svært mykje. Også dei litt mindre gode dagane meistrar han no.

For Beate og Morten er arbeidet på Huset Bergen meir enn ein jobb, fordi dei har vore der sjølv, som rusmisbrukar og pårørande.

– Eg veit godt kva som hjelper og kva som ikkje gjer det, me har også tilsett ein person med pårørandeerfaring for å rettleia dei som lever tett på personar med ruslidingar, seier Morten.

Filosofien er at ein ved Huset Bergen skal sjå heile mennesket og ikkje berre rusen, ein skal også ha omsut for familien til rusmisbrukaren.

– Huset skal være ein god stad både for den som slit med rus og dei pårørande, slår han fast.

Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og din helse​

Når pårørenderollen din krever alle fysiske og psykiske ressurser, er det ikke uvanlig å kjenne på tomhet. I slike situasjoner kan en føle på nedsatt evne til å glede seg over ting, som tidligere har gitt glede.

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Grensesetting
Group%20947
Påfyll for egen del
Group%20947
Group%20947
Bitterhet over livets urettferdighet

– Ikkje lett å vera pårørande til meg

Morten har ofte tenkt på kor tøft det må ha vore å vera pårørande til han.

– Som rusavhengig er du veldig egoistisk. Alt handla om meg, meg, meg, meg, meg og så kanskje litt søster mi. Men det meste var meg og mitt. Då eg rusa meg mindre, begynte det å siva inn kor hardt Beate må ha hatt det i desse åra. Og mange pårørande orkar ikkje stå løpet ut, dei blir så slitne, og det kan gå ut over jobb og anna familie. Eg er så glad for at søster mi aldri gav opp, for då hadde eg ikkje klart å bli rusfri, difor er mi bøn til andre pårørande også at dei bør prøva å halda ut.

Han fortel at søstera alltid var ei han kunne søke til og ringe til. Beate fortel at ho aldri var inne på tanken om å gi slepp på broren, men det kosta mykje og ho fekk ein tung depresjon som følge av alle belastningane. Men no har ho det godt og har funne glede i å springa i fjellet. Helsa har likevel fått ein knekk, og ho har vore mykje sjukmeldt.

Som rusavhengig er du veldig egoistisk. Alt handla om meg, meg, meg, meg, meg og så kanskje litt søster mi.

Morten Sommerbakk

Set klare grenser!

Beate syns det er trist at ho ikkje visste om pårørandegrupper då ho sto midt oppi det, for ho kjende seg ofte åleine og sakna støttespelarar. Morten fortel at dei av og til møter pårørande på Huset Bergen som er veldig sinte etter å ha mista nokon i overdose. Dei rettar gjerne sinnet mot andre rusmisbrukarar, men etter å ha vore på Huset forstår dei fort at sinnet ikkje er fruktbart og rasjonelt, fordi dei får meir kunnskap og fleire nyansar inn.

– For oss er det viktig å hjelpe pårørande å setje grenser for seg sjølv og rusmisbrukaren, elles kan ein bli heilt utbrend. Gi gjerne mat og klede, men aldri pengar.

Ingen trudde Morten skulle greie å komma seg ut av rusen då han gjorde det, fordi han hadde rusa seg så mykje så lenge og var sjuk både fysisk og psykisk.

– Pårørande er viktig når du er sliten og rusa, men dei er endå viktigare når du prøver å komma deg ut av det, understrekar han.

– Så ikkje gi opp, for utan søster mi hadde eg vore død for lenge sidan, er Morten si klare oppfordring.

Infolapp%20med%20binders

Trenger du noen å snakke med?

Det kan være godt å ha noen å snakke med når du står i krevende pårørendesituasjoner. Pårørendelinjen er åpen alle hverdager mellom kl. 10:00 og 17:00.

Velg hvordan du vil kontakte oss:
Group%20947
Group%20947
Group%20947
Kontakt
Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut