Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
15. april 2024

– Barnekoordinatoren har løfta ei tung bør frå skuldrene mine

Linda Fagralon er åleinemor til ei dotter med to diagnosar. Store deler av livet har ho brukt til å orientere seg rundt i hjelpeapparatet. Så kom barnekoordinator Julie Wick frå Sandnes kommune inn livet til den vesle familien. Og Linda merka for første gong på lenge, at ho kunne pusta med magen igjen.
Linda%20Fagralon
(Illustrasjonsfoto)

Linda Fagralon møtte barnekoordinator Julie Wick første gong på kontoret. For ørtande gong skulle Linda fortelja historia til dottera og seg sjølv. Det er ofte eit tiltak, men ho kjende raskt at det var annleis denne gongen. Kjemien stemte, Linda merka fort at barnekoordinator Julie hadde ein god aura, ho lytta og gjorde det trygt for henne å opna seg.

– Det er ikkje alltid eg opnar meg like mykje for hjelparane. Det handlar om kjemi og korleis eg blir møtt, men med Julie kjendest det straks rett og godt å opna opp, utan å halda noko tilbake.

 

Ei som hadde tid til meg

Linda seier ho blei møtt på ein raus, mild og varm måte av barnekoordinator Julie.

– Ho hadde sett av ein heilt time til meg, eg snakka tre minutt meir enn det, før Julie måtte i eit nytt møte, seier ho leande.

Dette var noko heilt anna enn dei samlebands-samtalane ho så ofte opplevde elles i møte med hjelpeapparatet.

– Etterpå har Julie ringt meg, og det tok ikkje lang tid før eg forstod at Julie er ei som tek oppgåva si som barnekoordinator alvorleg. Ho ser kva dotter mi og eg treng, og hjelper meg gjennom systemet. Men like viktig er at ho er ein god lyttar som tek seg tid.

Ifølge Linda får barnekoordinator Julie kontakt med dei instansane familien treng bistand frå, og ho søker på ulike tenester for henne. Gjennom Julie får mora hjelp til å få formidla familien sine behov til hjelpeapparatet, og ikkje minst får ho hjelp til å grunngi kvifor ho treng akkurat denne type hjelp til seg og dottera.

Kven hjelper med kva?

Linda har til tider vore overvelda av alt arbeidet med å finna fram i mylderet av hjelpetenester som har vore kobla inn. Kven gjer kva og når?

– Lenge var eg min eigen koordinator, og det blei altfor mykje for meg. Det var nærast ved eit tilfelle eg fekk høyra om ordninga barnekoordinator. Eg hadde aldri høyrt om det før, men konkluderte raskt med at det vil eg også ha. Ikkje så lenge etter fekk eg kontakt med Julie Wick og ting kom raskt på stell, fortel ho.

Det er nesten så Linda knapt kan tru det, ei tung bør er fjerna frå ryggen hennar, skuldrene er på veg nedover og ho pustar med heile seg.

– Tenk å få eit menneske som har som jobb å vera til stades for barnet mitt og meg, det er jo ei Guds gåve, seier ho gledestrålande. 

For Julie veit å brøyta veg i det som for mora til tider har verka som eit ugjennomtrengjeleg villnis av tenester, der ho ofte også opplevde at dottera fall mellom alle stolar. Etter den nye diagnosen kom, opplevde dei at etatar der dottera fekk hjelp før, no ikkje passa for hennar behov. Linda kjende også at mykje skjedde utan at ho forstod kvifor. No har ho og dottera ein stad å gå med alle spørsmåla og undringa.

Ho var veldig sliten etter mange år med stort pårørandeansvar, då barnekoordinatoren kom inn i livet hennar. Dottera har hatt fleire typar utfordringar både på skulen og i heimen. Det har vore mobbing og enormt mange møte med skulen. Til slutt visste ikkje mora kva bein ho skulle stå på.
 

Eg ante ikkje kor alt dette høyrde heime. Kven skulle eg gå til for å få hjelp? Eg føler ikkje systemet er godt nok rigga til å hjelpa dei med lettare psykisk utviklingshemming.


Ho skaper oversikt i livet mitt

Barnekoordinatoren hjelper henne til å få oversikt over kven som kan hjelpa med kva, og kven som alt er inne og hjelper. Linda vedgår at ho blei overraska over at det framleis er så mange tenester rundt familien. Julie har hatt gode samtalar med både HABU og fysioterapeuten på vegner av henne.

 

– Julie kjem på ting eg har gløymt, og koplar meg på der me bør vera påkopla. Livet mitt har blitt så mykje betre på svært kort tid. Det er som natt og dag, etter Julie kom, slår Linda fast.

Ho legg til at ho også før har hatt ein koordinator, men det var først då ho og dottera fekk ein eigen barnekoordinator, ho opplevde store framskritt.

Dotter hennar har ADHD og i nyare tid fekk ho også diagnosen lettare psykisk utviklingshemming. Dette gjorde at mora fekk endå fleire folk frå hjelpeapparatet å forhalda seg til, i tillegg til ei ny sorg, som delvis slo henne ut.

Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og din helse​

Mange pårørende synes det er krevende å ha fokus på hva de selv trenger for å håndtere situasjonen. Egne behov kjennes uvesentlige når hverdagen preges av søknadsskjema, telefoner, møter, koordinering og oppfølging. Bekymringer for økonomi og evnen til å prestere på jobb, er for mange en stor tilleggsbelastning.

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Din helse
Group%20947
Vanlige reaksjoner og belastninger
Group%20947
Avlastning og assistanse
Group%20947
Påfyll for egen del

– No er eg mindre åleine

– Det er så godt å ha fått ein som går med deg, for sjølv om koordinatoren eg hadde før også var god, er det ein fare for at ein hjelpar som er lenge i familien, kan sjå seg blind på forskjellige ting. Barnekoordinator Julie kom inn med eit nytt blikk, og såg løysingar andre ikkje såg, og fekk ting til å skje fort, dermed opna det seg nye utvegar, forklarer Linda.

Ho skulle ønske barnekoordinatoren hadde kome inn i livet hennar for fleire år sidan, men veit likevel å gleda seg over alt det gode som skjer no.

Livet er ikkje berre ein dans på roser no heller, påpeiker ho, men det er himmelsk mot kva det var i kaostida like før barnekoordinatoren kom inn. No slepp ho tenkja på alt det barnekoordinatoren held tak i.

 

Dette bør fleire få vita om

– Å vera åleineforelder gjer meg naturleg nok meir sårbar, alt blir tøffare når du ikkje har nokon å dela ansvaret med. Før då eg var i arbeid, hende det ofte eg måtte sjukmelde meg på grunn av belastninga pårøranderolla førte med seg. Mange gonger undra eg meg over koss eg i det heile tatt skulle få tid til å gå på jobb, mens eg sprang frå møte til møte med ulike offentlege instansar.

No skal barnekoordinator Julie snart få møta dottera, som jo er hovudpersonen og grunnen til at koordinatoren er komen inn i livet til familien. Dette møtet skal skje heime. Linda føler seg trygg på at Julie vil vera der for henne og dottera i lang tid. 

I tillegg til fysiske møte er har dei kontakt på telefon kvar tredje veke.

– Men Julie har sagt at eg kan senda SMS eller mail mellom desse telefonsamtalane, om det er noko eg lurer på. Berre å vita at ho er tilgjengeleg for meg, og at terskelen for å ta kontakt er låg, gjer veldig godt, forsikrar Linda.

Var dette interessant?
Vi har intervjuet barnekoordinator Julie Wick. Les intervjuet her. 


– Eg ønsker å fortelja mi historie for å gjera ordninga med barnekoordinator meir kjent. For mange er dette dessverre framleis ein godt skjult løyndom, avsluttar Linda Fagralon.

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut