Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
02. januar 2025

Gunnar kunne aldri vera meir enn ein time unna kona

Då kona blei alvorleg sjuk og trong nye lunger, sa Gunnar Henriksen opp jobben sin og blei fulltidspleiar for ektefellen. Det betydde at livet hans blei sterkt innskrenka. Han måtte alltid være i nærleiken og ha mobilen på, for når som helst kunne den etterlengta telefonen frå Rikshospitalet komma, om at dei hadde funne passande lunger.
IMG_6847-copy-2

 

– Folk har spurt meg kvifor eg sa opp jobben for å ta meg av kona? Det enkle svaret er at ho hadde gjort det same for meg.

Nokre år før kona blei så dårleg at ho ikkje kunne vera med på så mykje, tok Gunnar henne med til USA på motorsykkelferie.

– Me køyrde Route 66 frå Chicago til Los Angeles, med oksygenapparatet bakpå, det trur eg ikkje det er så mange andre som hadde gjort, fortel han.


Eit fint fellesskap i bobla

Å slutta heilt i jobben, førte også til at paret sine inntekter blei kraftig redusert, men Henriksen har aldri angra på at han stilte opp natt og dag dei siste åra kona levde.

Han fortel om eit fint liv inne i bobla med kona Jofrid. Visst var det mykje ho ikkje kunne vera med på, men dei to gjorde det beste ut av livet slik det blei. 

Ho hadde kontakt med barnebarn via Facetime og spela dokketeater for dei der. Han skreiv krimromanar og fekk fruen til å lesa korrektur og vera med på å pakka bøker. Ho strikka og løyste sudoku, han passa på å halda kroppen i form gjennom sykling, vel og merka innafor den aktuelle radiusen og alltid med mobilen på kroppen. Og begge såg lyst på framtida, dei hadde god tru på at det ville ordna seg med nye lunger.

– Jofrid hadde fått beskjed om at hjarta hennar ikkje ville greia meir enn eit par år til med dei sjuke lungene. Formen hennar var dårleg dei siste åra, livet måtte levast sitjande i ein stol, kobla til eit oksygenapparat. Når ho skulle legga seg, skrudde eg opp oksygenopptaket på maks, så tok kona mi og oka seg opp trappa til andreetasje på rompa. I mens fekk eg tid til å sjå ein episode i ein serie, for eg kunne ikkje leggja meg før ho var kommen seg opp, slik at eg fekk stilt ned oksygennivået til natta. Og det var ikkje plass for meg til å løfta kona mi opp trappene, så dette ordna ho sjølve.​

Kom deg ut, sa kona

Gunnar fortel at han i tillegg til å vera pleiar for kona også var heimehjelpar og hushjelp. Alt praktisk arbeid inne og ute fall på han. I tillegg måtte han syte for reingjering og vask av filteret på konas oksygenapparat.

Han kan ikkje få fullrost ein av fysioterapeutane til kona. Ho forklarte dei kva hjelpemiddel som fanst og som kona kunne få tilgang til gratis, slik fekk dei mellom anna tilgang til rullator og rullestol. I rullestolen kunne Gunnar trilla henne på lengre turar ute, også då hadde ho med seg eit bærbart oksygenapparat.

Paret måtte selja ei hytte ved sjøen fordi det blei uråd for Jofrid å komma seg frå båten og opp til hytta. I staden kjøpte dei ei hytte på fjellet der dei kunne køyra til døra. Då kunne kona sitja på terrassen påkobla oksygenapparatet og nyta utsikta, mens Gunnar sykla eller fiska.

– Ho pusha meg ut av huset så ofte som råd fordi ho ville eg skulle få driva med mine eigne ting også. Og av og til fekk eg ein annan til å vera telefonvakt, slik at eg kunne dra lenger bort frå heimen, og ikkje heile tida måtte vera i beredskap om telefonen frå Rikshospitalet skulle komma. Heimetenesta hjalp også til då eg var på ein jakttur.

Under pandemien kunne Jofrid og Gunnar nesten ikkje møta folk. Immunforsvaret hennar låg heilt nede, skulle det gjester inn i huset, måtte dei sitja i motsett ende av stova.

Pandemien gjekk også kraftig ut over ektemannens sosiale liv.
 

Eg måtte ha munnbind på meg kor eg gjekk, og møtte eg nokon mellom trange butikkhyller, måtte eg rygga bakover, og store folkemengder måtte eg halda meg unna,  for å beskytta kona mi mot smitte.


– Eg følte meg sett 

Hausten 2021 kjem telefonen dei har venta på. Det er Jofrid som blir oppringt. Ein passande lungedonor er funnen. Ambulanse med ledsagar kjem og hentar kona og køyrer henne til flyplassen.

Gunnar dreg opp til hytta for å vera der og venta på nytt frå Rikshospitalet. 

– Eg fekk ei eiga dame frå Rikshospitalet som følgde opp meg som pårørande. Ho var utruleg grei og eg fekk eit telefonnummer eg kunne ringe når som helst, om eg lurte på noko. Oppfølginga her var jamt over svært god. 

Gunnar sovnar godt første natta på hytta, då han vaknar om morgonen, ser han at det er eit ubesvart anrop på telefonen. Han prøver å ringa tilbake, men får ikkje svar, så han bestemmer seg for å sykla ein lang tur rundt i Sirdal. Då han kjem tilbake til hytta, ser han at fleire har ringt. Han ringer tilbake og får snakka med kirurgen som har operert kona på Rikshospitalet og kan fortelja om ein særs vellukka transplantasjon. Etterpå fekk han også snakka med Jofrid som lukkeleg kunne konstatera at ho ikkje lenger var tung i pusten.

Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og familien​

Når pårørenderollen din krever alle fysiske og psykiske ressurser, er det ikke uvanlig å kjenne på tomhet. I slike situasjoner kan en føle på nedsatt evne til å glede seg over ting, som tidligere har gitt glede. Det kan være en ekstra belastning dersom du ikke opplever å ha de samme følelsene for nære venner og familie som før.

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Vanlige reaksjoner og belastninger
Group%20947
Avlastning og assistanse
Group%20947
Å snakke godt sammen
Group%20947
Selvhjelpsverktøy

Godt å få avlasting

Til tross for at alt gjekk bra med inngrepet, måtte Gunnar og Jofrid framleis leva ganske isolert, fordi ho tok immundempande medisinar for å hindra kroppen i å støyta frå seg dei nye lungene. Dei kunne gå små turar og gledde seg til å sakte men sikkert venda tilbake til eit meir normalt liv. Slik skulle det dessverre ikkje gå. 

Lungene fungerte fint, men Jofrid fekk blant anna trøbbel med magesmerter og galleblæra, som måtte fjernast. Jula 2021 var ho veldig dårleg og blei lagt inn på sjukehus. For ektemannen var det ei stor lette å overlata ansvaret til andre. Han henta henne heim julekvelden og nyttårsaftan, som dei to feira åleine. I romjula budde ho på sjukehuset, slik at ektemannen kunne få gjera litt andre ting.

Helsa hangla heile første kvartal i 2022, og i påsken må ho på nytt leggast inn på sjukehuset. Ho klaga over store smerter. Påskeaftan er tilstanden forverre og Jofrid blir lagt i respirator, men ho blir kopla frå denne ikkje så lenge etter, og er død då han når fram til sjukehuset. Ho døydde denne påskeaftan i 2022. Legane forklare ektemannen at det var ein bakterieinfeksjon som førte til døden. Særs aggressive bakteriar angreip sentrale organ i kroppen hennar.
 

Ho pusha meg ut av huset så ofte som råd fordi ho ville eg skulle få driva med mine eigne ting også. 

 


Sakn og gode minne

For Gunnar var det naturlegvis tungt å mista kona som han hadde vore gift med i nesten 40 år, og som han hadde håpa på endå fleire år saman med, etter den vellukka operasjonen.

– Me møttest under Alta-demonstrasjonane, så me har ei langt historie saman og felles verdiar. Men eg har ikkje vore bitter etter ho døydde, for slik er livet, ulukker skjer, anten det er i trafikken eller andre stader. Eg har klart meg bra heile tida etterpå. Ein grunn til det var nok at eg heile tida passa på å halda meg i god fysisk form gjennom trening. Dessutan var eg vant med å vera i alarmberedskap sidan eg i mange år også gjekk rundt med vakttelefon på jobb, forklarer han.

Saknet som var sterkt i starten er no meir erstatta av gode minne. Og han har funne seg ny kjærast, kona si bestevenninne. Og det kjennest godt å dela livet med ei som også sette stor pris på henne han var gift med i nesten 40 år.

– Eg som pårørande har også fått den hjelpa eg har hatt behov for i perioden kona mi var sjuk, så eg har ingenting å klaga over for min eigen del.

 

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut