Ta vare på deg selv
Ta vare på den syke
Ta vare på familien
Ta vare på barna
Kursportal_knapp
Kursportal_knapp_hover
03. februar 2025

Korleis orka å gå på jobb når det er tøft i familien?

Henriette N. Aarre er mor til eit alvorleg sjukt barn, ho har også ein jobb å skjøtta i helsevesenet. Av og til strekk ikkje kreftene heilt til på jobb, fortel ho. Kva gjer ein då? Kva gjer sjefen og kva gjer arbeidstakaren?
shutterstock_2494808073-Edit
Først vil ho presisera at stort sett fungerer ho bra og yter godt på jobb. Pårøranderolla har på mange måtar også gjort henne meir effektiv, ho har rett og slett blitt flinkare til å ha mange ballar i lufta samstundes. Men kontakt med hjelpeapparatet og angst for korleis sjukdommen til barnet vil utvikla seg, gjer at kreftene somme gonger ikkje er optimale når ho skal på jobb. 

– Eg har stått i ei krevjande pårøranderolle over fleire år, dette er difor eit tema eg brenn for, både på det personlege plan, men også på eit samfunnsplan. Eg meiner heile arbeidslivet må justerast i tråd med dei stadig aukande pårørandebelastningane mange av oss vil få i framtida. Arbeidsgivarar bør vera i forkant og planlegga kva ein skal gjera, før det faktisk skjer, seier ho. 

 

Gi og ta  

Sjølv kan ho med glede slå fast at ho har ein arbeidsgivar som viser forståing og legg til rette. For hennar del gjeld dette først og fremst mellombels tilrettelegging i spesielt krevjande situasjonar. Desse grepa gjer at Henriette greier å komma på jobb også når det er vanskeleg. På det jamne har ho likevel ikkje behov for spesiell tilrettelegging i stor grad. Det trur ho gjeld for mange andre pårørande også. Trass i enkelte utfordringar, er dei jamt over gode arbeidstakarar, som gjennom erfaringane sine som pårørande ofte får endå meir å gi i arbeidet sitt. 

 

Og uavhengig av livssituasjon, kven greier vel levera like stabilt i jobben sin kvar dag.
 

– Er det mykje som står på med barnet mitt, får eg lov til å redusera tempoet, og eg kan sleppa å gå i møte og jobba på heimekontor om eg ønsker det. Er eg veldig sliten skrur eg av telefonen og gjer kontorarbeid, så skrur eg på telefonen att når eg har fått kome litt til hektene og ringer tilbake til dei som har kontakta meg. Møta eg får fritak frå, får eg referat av. I blant jobbar eg om ettermiddagane, dersom det er noko viktig eg ikkje har fått gjort på dagtid. Er sjefen fleksibel, er det mykje enklare for den tilsette til å vera fleksibel også. Å leggja til rette for arbeidstakarar som er pårørande, er noko som gagnar begge partar, slår Henriette fast. 

Ho er likevel klar over at det naturlegvis ikkje er alle type jobbar det er så enkelt å leggja til rette i som kontorarbeid og møteverksemd, men ho er overtydd om at det i dei fleste yrke kan gjerast meir for å ta vare på pårørande, om sjefen tek seg tid til å spørja kva som skal til for at den enkelte kan stå i jobb? 

Noko normalt i det unormale 

Å vera pårørande til nokon med alvorleg sjukdom skapar eit indre stress som kan vera vanskeleg å kombinera med andre oppgåver ein har i kvardagen. Plutseleg kan du måtta dra til sjukehuset eller på ansvarsgruppemøte. 

– Samstundes er jobben eit viktig ankerfeste i livet mitt. Jobben gir meg ei kjensle av normalitet og gir meg ein annan identitet, enn berre det å vera pårørande, forklarer ho. 

Henriette fortel at også kollegaene er fulle av forståing. Det er rom for å seie at ein har ein dårleg dag. Saman med ein leiar som også viser omtanke og gir rom for fleksibilitet, har dette gjort det lettare for henne å stå i jobb. 

Dessutan svingar pårørandetrøkket, legg ho til. Ustabile fasar blir avløyst av rolegare tider, og då kan ho ha ein nokså vanleg arbeidskvardag. 

Ho er oppteken av at eit pårørandevenleg arbeidsliv handlar om at ein må ha open og god dialog. Skal dialogen bli konstruktiv, må ein opna opp til ei viss grad, er hennar erfaring. Ein pårørande som opnar litt opp for leiaren sin om kva ein står i, kan unngå misforståingar og dårleg stemning på jobb, fordi det sjeldan er lett å skjula at ein ikkje har ein god dag, og ikkje yter på topp på jobb. Med slik informasjon er det lettare for ein leiar og kollegaer å leggja til rette for at ein tilsett med tungt pårørandeansvar likevel kan yta best mogleg på jobb. Saman kan tilsett og leiar finna løysingar som tek omsyn både til private behov og jobbens behov. 
 

Lurt å opna litt opp 

Kollegaer bør også helst få vita noko, slik unngår ein spekulering om ein arbeidstakar får det som kan bli oppfatta som merkeleg spesialbehandling, dersom ein ikkje veit litt om bakgrunnen til at personen slepp å gå i møte.  
 

Då slepp ein kviskring i krokane om at du tek så mange private telefonsamtalar på jobb. For det er ikkje til å unngå at å vera pårørande til ein alvorleg sjuk, krev ganske mykje kontakt med helsevesenet, og desse må ein snakka med i kontortida, mens ein skulle gjort eige arbeid. 

– Eg har gått til samtale ved Pårørendesenteret i fleire år og dei gav med den geniale ideen om å laga eit pårørandekart, der eg plotta inn alle gjeremåla eg har som pårørande og alle eg er i kontakt med i løpet av ei veke. Dette kartet overvelda meg, for eg var ikkje klar over kor mange oppgåver eg har. Det var faktisk litt tøft å sjå. Mine næraste leiarar fekk sjå kartet, og med den informasjonen frå meg blei det lettare for dei å legga til rette. 

– Eg trur det er viktig å kunna komma på jobb med ei innstilling om kva eg kan få til i dag, trass i utfordringar og er litt dårleg form. Ein greier meir enn ein trur viss ein kjenner seg sett på jobb, og det er takhøgd for at kvar dag er ulik. Det skal mykje til for at eg er borte frå jobb, dette handlar utvilsamt om at det gir meg ein positiv drive i å bli sett. Det varmar å få klemmar og kaffi av gilde kollegaer. Å få lov til å jobba ein stad der ein kan visa seg sårbar, er verdfullt, slår ho fast. 
 

Sjukt-barn-dagar for pårørande? 

Bedrifter bør, som Pårørendesenteret, vurdera å gi sine tilsette pårørandedagar, etter mal av det ein har rett på når små barn er sjuke. Dette kan komma godt med dersom ein skal vera med mor eller far til demensutgreiing eller skal følgja eit vakse barn til sjukehustime. 

– Eg håpar alle arbeidsplassar tek på alvor og lagar rutinar for korleis ein skaper eit pårørandevenleg arbeidsliv gjennom ein meny av tiltak som kan vera aktuelle. 

Ho meiner bedriftene bør ta grep som kan vera nyttige for menneske som står i krysspresset mellom familie og jobb. Og ingenting er betre enn om ein løfter dette opp før behovet begynner å melda seg for alvor blant arbeidsstokken. 

– Ulike arbeidsstader krev ulik tilnærming, men det viktigaste er at leiarar og tilsette spelar kvarandre gode. 

Ho minner også om at det ikkje alltid er så enkelt for alle å dela litt av det ein står i, av og til kan ein også rett og slett vera for utmatta til å tala eiga sak. Difor er det viktig at ein har leiarar som ser den enkelte og som kan ta den enkelte til sides og spørja om korleis ein har det. Men ein må også godta at somme pårørande ikkje ønsker å dra denne rolla med seg inn i jobben i det heile, legg ho til. 

Infolapp%20med%20binders

Påvirkning på deg og familien​

Når pårørenderollen din krever alle fysiske og psykiske ressurser, er det ikke uvanlig å kjenne på tomhet. I slike situasjoner kan en føle på nedsatt evne til å glede seg over ting, som tidligere har gitt glede. Det kan være en ekstra belastning dersom du ikke opplever å ha de samme følelsene for nære venner og familie som før.

Her kan du lese mer om dette:
Group%20947
Vanlige følelser og reaksjoner
Group%20947
Avlastning og assistanse
Group%20947
Søsken som pårørende
Group%20947
Selvhjelpsverktøy

God samfunnsøkonomi 

– Samfunnsøkonomien i å skape eit pårørandevennleg arbeidsliv er stor. Kan ein unngå at pårørande blir langvarig sjukmelde, sparar ein både samfunnet og den enkelte for store belastningar. Det er også mykje god helse i det å gå på jobb. Jobben kan vera ein positiv distraksjon for det ein står i. Jobben er for meg noko som gir meg rom for meistring og normalitet. Her opplever eg rytme for her er tilværet føreseieleg, understrekar ho. 

Ho fortel at takka vera god tilrettelegging på jobb, har ho også overskot til å ta vare på seg sjølv, mellom anna ved å gå til samtale ved Pårørendesenteret. Ho går også til fysioterapeut for å dempa spenningar i kroppen. For overskotet trengst til å ta vare på både det sjuke og dei friske barna i familien, og til å vera ektefelle. 

– Mannen min og eg er eit godt pårørandelag, utan han hadde det ikkje gått, stadfestar Henriette N. Aarre. 

Ho trur at arbeidslivet i Norge enno har ein veg å gå før alle tilsette opplever det som pårørandevenleg. Somme er flinke, andre blir møtte på ein meir rigid måte, fryktar ho. Håpet er at blikket på pårørande framover får leiarar til å bli meir medvitne på problemstillinga. 

– Bedrifter som gir pårørande fleksibilitet vil bli meir attraktive stader å jobba. Og så trur eg tilsette med pårørandeerfaring får ein spesiell ballast og erfaring som også kan komma til nytte på arbeidsplassen. For eit er sikkert; livet skjer, og å bli pårørande, kan skje når du minst ventar det. 

Ellipse%2035
Heidi%20(2)
Tekst:

Heidi Hjorteland Wigestrand

Journalist
Tilbake_pil
Tilbake
printer
Skriv ut